SiD

Vinner av skrivekonkurranse: «Eg skulle ynskje eg visste»

  • Tale Rørvik Lejon
    Tale Rørvik Lejon
    18 år
Tale Rørvik Lejon (18) fikk førsteplassen i høstens store skrivekonkurranse med dette nydelige diktet.

Dette ærlige diktet nådde helt til topps i konkurransen.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Hva skulle du ønske du visste? spurte vi i høstens store skrivekonkurranse. Dette nydelige diktet nådde helt til topps.

Eg skulle ynskje eg visste.

Visste at helsa mi var viktigare enn den prøva

At å seie kva eg eigentleg følte var viktigare

Eg skulle ynskje eg visste det var lov å takke nei

Dei gongane eg var klar over at det vart for mykje

At det ikkje gjorde meg til eit dårleg menneske

Eg skulle ynskje eg visste.

Visste kva angst var

Før det vart for gale

Før den mørke skyggen tok over kvardagen

Eg skulle ynskje eg var flink til å lytte.

Lytte når kroppen min sa stopp

At magekjensla sjeldan tek feil

Eg skulle ynskje eg visste.

Visste at eg ikkje alltid måtte tilfredsstille andre

At eg heller tok på mi eiga maske før eg hjalp andre

Eg skulle ynskje eg visste at det var greit å vere sårbar

Slik at vennane mine forsto kva eg gjekk gjennom

I staden for å isolere meg

Eg skulle ynskje eg lærte meg å gjere mindre

Slik at eg hadde tid til å ta vare på det viktigaste

Nemleg meg.


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.

💬 Skal du delta i kommentarfeltet?

Les kommentarfeltets ti bud først. Hold deg saklig!

Les mer om

  1. Høstens skrivekonkurranse 2021