SiD

Eg er livredd for plast | Ingeborg Sævik Heltne

  • Ingeborg Sævik Heltne (18)
Eg skal ikkje snakke for alle her, men eg er i alle fall ikkje veldig gira på å ete plast til middag, skriv Ingeborg Sævik Heltne (18).

Si ;D-innlegg: Men heldigvis kan vi gjere noko med det.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Hei. Eg heiter Ingeborg, og eg er livredd. Livredd for mørkret, livredd for at eg snart er ferdig på vidaregåande og må avgjere kva eg skal gjere med livet mitt vidare, livredd for alt som fins i dei djupe hava vi ikkje ein gong kan førestille oss.

Men mest av alt er eg livredd for noko som morosamt nok er i ferd med å verte meir av i hava enn alle dei skapningane eg fryktar. Innan 2050, ifølgje dei som veit slike ting.

Plastikk. Det stoffet vi kjøper maten vår i. Som sjampoen og tannkremen vår er fylt i, og ofte er ein ingrediens i óg. Som vi drikk gjennom, som vi drikk frå. Matboksane våre, drikkeflaskene, kleda, treningsmattene.

Alt er plast. Og det som er så sjukt skummelt med plast, er at all plast som nokon gong har vorte produsert, framleis eksisterer.

Dyra et plasten

Det aller meste av plast ender før eller seinare opp i sjøen. Der blir det ete av dyra som lev i og av havet. Mellom 80-90 prosent av alle sjøfuglar har plastikk i magesekken.

Somme så mykje at dei ikkje har plass til næringsrik mat, og døyr.

Vi har sett fleire tilfelle her i Noreg, der kvalar og delfinar er blitt funne døde eller blitt avliva. Årsak: plast.

I meir tropiske område greier ikkje skjelpadder symje meir, fordi dei har for mykje plast i magen. Fleire stader har det samla seg øyer med plast og anna avfall. ØYER. På mange tusen kvadratkilometer.

Ein annan skummel ting med plast er at dei plastposane og drikkeflaskene vi hiv frå oss, blir brotne ned til mikroplast.

Denne mikroplasten blir forveksla med plankton, så fisk et den. Og sidan vi har plassert oss sjølve øvst i næringskjeda, havnar denne mikroplasten til slutt på matfata våre.

Plast til middag

Eg skal ikkje snakke for alle her, men eg er i alle fall ikkje veldig gira på å ete plast til middag. Det er ikkje akkurat det eg ser for meg når eg tenkjer på eit sunt og variert kosthald.

Men heldigvis kan vi gjere noko med det. Vi kan seie nei takk til plastposen på butikken og heller ta med eige handlenett. Visste du at ein gjennomsnittleg nordmann brukar 180 plastposar årleg?

Vi kan droppe sugerøret, som eigentleg verkeleg ikkje er naudsynt, eller, om saknet blir for stort, erstatte det med eit i stål eller bambus. Vi kan velje tannkrem utan mikroplast og pastaen i papp heller enn i plast.

Så små, så enkle tiltak. Eg har sverga å bruke null plastposar heile året.

Det er 180 plastposar, dét. Om 10 til blir med på det, snakkar vi om nesten 2000. Enn om 100 vart med. 1000. 10 000. I 2050 er eg 51 år.

Kanskje eg har barn, barnebarn endåtil. I 2050 har eg lyst til å sjå tilbake på desse åra no framover og vite at eg var ein del av ei bølgje som sa nei til unødvendig plast.

Som gav generasjonane framover moglegheita til å symje med fisken, slik eg gjorde i oppveksten min, ikkje vade i plast.


Under 21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


Les mer om

  1. Miljø
  2. Avfall