SiD

Veit du eigentleg kva du reklamerer for? | Frida Bjørnereim

  • Frida Bjørnereim (19)
    Frida Bjørnereim (19)

Frida Bjørnereim (19) mener at kleskjeden NA-KD promoterer overforbruk. Bildene viser en av kampanjene deres rettet mot ungdom i sosiale medier. Foto: Skjermdump: NA-KD

Folk vil tydelegvis ha eit gratis årsforbruk med klede, for desse bileta er om lag det einaste som er å sjå i instastoryane til folk om dagen.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

«WIN FREE CLOTHES FOR A YEAR» reklamerer klesgiganten NA-KD på Instagram for tida. For å bli ein av tre heldige vinnarar må du følge kontoen deira, dele posten i storyen din, like biletet og tagge tre venner i kommentarfeltet.

Folk vil tydelegvis ha eit gratis årsforbruk med klede, for desse bileta er om lag det einaste som er å sjå i instastoryane til folk om dagen. Men er du bevisst på at du ved å dele dette, driv gratis reklame?

NA-KD gjennomførte akkurat den same typen konkurranse for snart eitt år sida. Då sa eg tydeleg ifrå på min eigen instastory om kva eg tykte om dette. Storyen blei delt over 100 gongar og sett av 2300 menneske. I år skriv eg kronikk, for å bli høyrt av endå fleire.

Lav rangering

Etter eit raskt søk i appen Goodonyou, ein app som gjer research på klesmerke og gjev dei ein vurdering etter korleis merket scorar når det gjeld etikk, berekraft og dyr, ser vi at NA-KD blir rangert med ein av fem moglege stjerner, samt «very poor» på alle dei tre underkategoriane. Etter å ha sjekka ut nettsidene deira, er det også lite informasjon å finne om faktiske mål når det kjem til berekraft.

Så det er den risikoen du tar, når du deler posten der du kan vinne gratis klede. Det er potensiell gratis reklame for ein miljøversting og eit bidrag til å øydellege kloden vår ytterlegare.

Frida Bjørnereim (19) Foto: Privat

Dei får spreidd bilete av sine produkt på titusenvis av instagramprofilar, bileta når truleg ut til fleire millionar. Det er effektiv og billeg marknadsføring, det skal dei ha.

Men vil du vere ein del av dette?

Vi har eit ansvar

Ver bevisst makta di i sosiale media! Dette er ikkje berre influenserar sin jobb. At fleire norske influenserar denne våren fullstendig ukritisk har valt å lage kolleksjonar saman med NA-KD, er kritikkverdig i seg sjølv, men det er ein annan debatt. I denne saka har eg og du som privatpersonar eit like stort ansvar som influenserane.

Treng du eit årsforbruk med klede? Høgst sannsynleg ikkje, i alle fall ikkje frå eit klesmerke som tydelegvis verken tek kloden, eller menneska som bur på den, på alvor.


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.



Les mer om

  1. Klesindustrien
  2. App
  3. Reklame

Relevante artikler

  1. SID

    Koronakrisa må markere slutten på å ta essensielle arbeidarar for gitt

  2. SID

    Unge Høgre vil ikkje tvinge kommunar til å byggje vindmøller

  3. SID

    Når alle i huset skal logge på internett, brakar helvete laus

  4. SID

    Jeg er kristen, men budskapet til de såkalte Jesus-influenserne gjør meg kvalm

  5. SID

    «Karantenekroppen» finnes ikke. Skjerp dere!

  6. SID

    Jeg bruker sosiale medier til å få unge til å be