SiD

Eg vil ikkje delta i debattar om livet mitt er verdt å leve | Robin Leander Wullum

  • Robin Leander Wullum (21)

Si ;D-serie: «Det jeg vil at du skal vite»

Mange av oss har noe på hjertet som vi skulle ønske at andre visste og forsto. Denne uken har Si ;D invitert ulike personer til å snakke om skeives situasjon i Norge i dag. Dette er det de vil at du skal vite.

Robin Leander Wullum (21)

Robin Leander Wullum (21) er transperson og bruker de/dem som pronomen. Wullum mener det offentlige ordskifte fremdeles preges av mange fordommer mot transpersoner. Kristine Aas

Eg vil at du skal vite at det dukkar opp nyhende om drap på personar som meg i feeden min på Facebook nesten kvar dag.

I fjor vart det registrert 331 drap av transpersonar på verdsbasis, og ein overveldande majoritet av dei er melaninrike transkvinner. 331 søsken, foreldre, klassekameratar og vennar.

Eg lurar ofte på kor mange som ikkje er med i den statistikken.

Kor mange me gløymer.

Manglande sikkerheit

Eg vil at du skal vite at det ikkje er tilfeldig at so mykje av retorikken i media går ut på å debattere humaniteten vår.

Transpersonar blir demonisert i media gjennom skildringar av oss som overgrepspersonar og trugslar mot kvinner. Det er ein organisert og medvite strategi for å diskreditere oss som gruppe og for å spore av dei viktige debattane om korleis me leve gode liv som oss sjølv.

Eg vil du skal vite at kjensla av manglande rettssikkerheit er ein konstant kjensle i liva til mange av oss.

Som samfunn kunne me brukt spalteplassen til å setje fokus på at mange av oss diskriminerast i møte med helsevesenet. Eller på korleis transfolk er overrepresentert på sjølvmordsstatistikkar.

Ikkje ein hypotetisk diskusjon

Me kunne snakka om korleis transfolk blir diskriminert på arbeidsmarknaden eller korleis me er overrepresentert som offer for vald og trakassering. Me kunne snakka om korleis hundrevis av oss vart tvangskastrerte av det offentlege helsevesenet.

Eg vil du skal vite at det eksisterande offentlege ordskiftet inspirerer til vald mot ei allereie utsett gruppe utan noko spesifikt juridisk vern mot hatkriminalitet.

Dette er ikkje berre ein teoretisk eller hypotetisk diskusjon om korleis ein forstår kjønn. Dette handlar om dei veldig reelle problema mange av oss møter dagleg. Eg vil du skal vite at eg vart politisk aktiv for å gjere liva til folk som meg betre, ikkje for å delta i ein debatt om livet mitt er verdt å leve.

Det er dét eg vil at du skal vite.


Si ;D tar sommerferie!

Mellom 29. juni og 17. august tar Si ;D ferie. Om du sender oss en tekst i løpet av denne perioden, kan det ta litt lengre tid enn vanlig før du får svar. Vi gleder oss til en spennende høst med mange nye debatter!



Les mer om

  1. Pride 2020
  2. Diskriminering

Pride 2020

  1. OSLOBY

    Alternativ Pride-parade med religiøse og skeive på sykkel satte farge på Oslo

  2. SID

    Jeg ble oppdratt til å tro at vi skeive er syndere

  3. KULTUR

    Koronaviruset stoppet toget. Men det blir feiring likevel.

  4. SID

    Jeg er blitt ganske ålreit selv om fedrene mine er homo

  5. A-MAGASINET

    Da Marit døde, ble Åsa (85) på papiret «gjenlevende partner». Hun ønsker å bli kalt enke.