SiD

Ja, vi har alle ansvar for klimaet. Ein viktig del av det er å krevje politisk handling | Paula Ullaland

  • Paula Ullaland (20)

Tusenvis av ungdommar streika for klimaet 14. mars i Bergen, mellom anna debattanten. Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Si ;D-innlegg: Det er ikkje riktig at det einaste klimakrisa treng, er at vi i Noreg et tofuburgarar i kle frå Fretex, når vi samstundes stel framtida til lokalbefolkning og utryddingstrua artar i meir utsette land.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.


Hei, Felix S. Bergersen! Eg er einig i mykje av det du skriv i ditt lesarinnlegg «Ikke vent på forandring. Vær forandring!» om klimakampen.

Klart vi som forbrukarar har ein god del ansvar sjølve ved å kutte ned på forbruket, ete meir plantebasert, sleppe ut mindre CO₂ og så vidare. At vi som forbrukarar er med på å styre etterspørselen.

Likevel må eg seie meg ueinig i påstanden om at det å krevje forandring frå politikarar og bedrifter er ansvarsfråskriving.

Ikkje reint mjøl

Vi bur i eit av verdas beste land, men sjølv ikkje verdas beste land har 100 prosent reint mjøl i posen, meiner debattan Foto: Privat

Vi bur i eit av verdas beste land, men sjølv ikkje verdas beste land har 100 prosent reint mjøl i posen.

Verdas beste land eig aksjar i selskap som høgg ned regnskogen, utryddar artar og øydelegg jorda til lokalbefolkninga.

Verdas beste land kan halde fram med å vere verdas beste land så lenge Hydro slepp unna med ekstreme forureiningar i Barcarena i Brasil. Eller Equinor som vil bore etter olje i eit freda havområde i Australia. Eller ved å tillata dumping av gruvemasse i dei norske fjordane.

Tofuburgar og Fretex

Då eg sto på Torgallmenningen den 14. mars, var det for klimaet og ei betre framtid. Men òg for å krevje at dei store selskapa og politikarane skal måtte stå til ansvar og svare for sine handlingar.

Det meiner eg er minst like viktig som betre kollektivtilbod og veganarlivsstil.

Det er i mine auge ikkje heilt riktig å seie at det einaste klimakrisa treng, er at vi i Noreg sit heime og et tofuburgarar i kle frå Fretex, når vi gir bistandssmular med den eine handa for godt samvit, men samstundes stel framtida til lokalbefolkning og utryddingstrua artar i meir utsette land.

Vi har mykje makt som forbrukarar, og sjølvsagt burde vi styre forbruket vårt deretter. Men eg meiner også ein del av det ansvaret er å krevje handling frå dei som styrer området vårt.

Debattanten er styremedlem av Spire Bergen, men skriv på eigne vegne.


Lese mer om klimastreiken? Vi anbefaler:

Les også

Felix S. Bergersens innlegg: «Jeg stakk nettopp fra klimastreiken i Stavanger i frustrasjon»

Les også

Klimastreiken: Barn jublet over at «Erna skulle hives i kverna»

Les også

Vi snakket med åtte ungdommer om klimastreiken. Dette svarte de

Les også

Bendik Sæther Wessel: Vi kan ikke plutselig vedta at oljealderen er over


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.

Les mer om

  1. Global oppvarming
  2. Forbruker

Relevante artikler

  1. SID

    Politikarane må legge til rette for eit godt kollektivtilbod i heile landet

  2. DEBATT

    Kva bør verta konklusjonen på Tangen-prosessen?

  3. KRONIKK

    Det største talet er kostnadane ved å ikkje gjere noko

  4. NORGE

    – Jeg våger knapt å fortelle hva jeg jobber med. Det er blitt en skam, føler jeg.

  5. NORGE

    For ett år siden var bompengepartiet en sensasjon. Nå er FNB nærmest utradert.

  6. FOTBALL

    Rune Soltvedt har alltid sagt han skulle fylla 50 år utan å få kulemage