Ja, vi har alle ansvar for klimaet. Ein viktig del av det er å krevje politisk handling | Paula Ullaland
- Paula Ullaland (20)
Si ;D-innlegg: Det er ikkje riktig at det einaste klimakrisa treng, er at vi i Noreg et tofuburgarar i kle frå Fretex, når vi samstundes stel framtida til lokalbefolkning og utryddingstrua artar i meir utsette land.
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.
Hei, Felix S. Bergersen! Eg er einig i mykje av det du skriv i ditt lesarinnlegg «Ikke vent på forandring. Vær forandring!» om klimakampen.
Klart vi som forbrukarar har ein god del ansvar sjølve ved å kutte ned på forbruket, ete meir plantebasert, sleppe ut mindre CO₂ og så vidare. At vi som forbrukarar er med på å styre etterspørselen.
Likevel må eg seie meg ueinig i påstanden om at det å krevje forandring frå politikarar og bedrifter er ansvarsfråskriving.
Ikkje reint mjøl
Vi bur i eit av verdas beste land, men sjølv ikkje verdas beste land har 100 prosent reint mjøl i posen.
Verdas beste land eig aksjar i selskap som høgg ned regnskogen, utryddar artar og øydelegg jorda til lokalbefolkninga.
Verdas beste land kan halde fram med å vere verdas beste land så lenge Hydro slepp unna med ekstreme forureiningar i Barcarena i Brasil. Eller Equinor som vil bore etter olje i eit freda havområde i Australia. Eller ved å tillata dumping av gruvemasse i dei norske fjordane.
Tofuburgar og Fretex
Då eg sto på Torgallmenningen den 14. mars, var det for klimaet og ei betre framtid. Men òg for å krevje at dei store selskapa og politikarane skal måtte stå til ansvar og svare for sine handlingar.
Det meiner eg er minst like viktig som betre kollektivtilbod og veganarlivsstil.
Det er i mine auge ikkje heilt riktig å seie at det einaste klimakrisa treng, er at vi i Noreg sit heime og et tofuburgarar i kle frå Fretex, når vi gir bistandssmular med den eine handa for godt samvit, men samstundes stel framtida til lokalbefolkning og utryddingstrua artar i meir utsette land.
Vi har mykje makt som forbrukarar, og sjølvsagt burde vi styre forbruket vårt deretter. Men eg meiner også ein del av det ansvaret er å krevje handling frå dei som styrer området vårt.
Debattanten er styremedlem av Spire Bergen, men skriv på eigne vegne.
Lese mer om klimastreiken? Vi anbefaler:
Les også
13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.