SiD

Det er ikkje feminine homofile menn som er problemet. Det er samfunnet. | Vetle Mikkelsen

  • Vetle Mikkelsen (20)

I staden for å sette maskuline og feminine skeive menn opp mot kvarandre, bør du gå ut og kritisere dei tronge og skadelege normene i samfunnet, skriv Vetle Mikkelsen (20). Darren Calabrese / TT / NTB Scanpix

Si ;D-innlegg: Viss ein mann med knekk i handleddet gjer deg ukomfortabel, er du faktisk ein del av problemet.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Søndag var den homofile bygdeguten André Bjugstad ute i Aftenposten Si ;D med si historie om korleis han opplevde å kome ut av skapet.

I innlegget sitt snakka han om kor ubehageleg det er å bli satt i bås berre fordi han er homo, og kor mykje han misliker å vera homofil på grunn av stereotypane som er forbunde med det.

Dagen etter var Si ;D-spaltist Jakob Semb Aasmundsen ute med sin svarkronikk.

Der gjekk han med på at feminine homofile er eit «problem», og at ein treng eit større mangfald av skeiv representasjon i media.

Skjøre maskuline menn

Det er sjølvsagt synd at Bjugstad opplever det å vera homofil som noko negativt, og det er minst like synd at Semb Aasmundsen ser ut til å føle at han må orsake seg på vegner av feminine homofile menn.

Når det kjem til maskuline og feminine homofile, vil eg påstå at vi har greitt med førebilete

Eg vil likevel påstå at det ikkje er dei feminine homofile mennene som er problemet. Langt ifrå.

Det er samfunnet sine normer for maskulinitet og manndom som er problematiske her.

Kvifor er det slik at mange menn, både skeive og streite, er livredde for å bli sett på som feminine? Kvifor blir feminisering sett på som den kanskje aller største forma for fornedring ein mann kan oppleve? Er maskuline menn verkeleg så skjøre?

Vetle Mikkelsen (20) Privat

Nok maskuline og feminine førebilete

Det er sjølvsagt problematisk at ein vert satt i ein stereotyp bås berre fordi ein er homofil, men ved å problematisere og stille spørsmål til dei tronge normene som omringar kjønn og seksualitet, og ikkje minst ved å skape bevisstheit rundt mangfaldet som vert skjult av desse normene – først då kan vi bli kvitt desse stereotypiane.

Når det kjem til mangelen på mangfald blant skeive førebilete, kan eg ikkje påstå at eg heilt kjenner meg igjen i problemskildringa til Semb Aasmundsen og Bjugstad. Sjølvsagt kan det alltids verte betre, men eg vil argumentere for at homofile har greitt med førebilete i Noreg, anten dei er maskuline eller feminine.

Helseminister Bent Høie, tidlegare Raudt-leiar Torstein Dahle og Skam-Eskil er berre nokre eksempel på eit mangfald av homofile førebilete.

Representasjonen av skeive med minoritetsbakgrunn, transpersonar og andre orienteringar enn homo og hetero kan bli mykje betre, men når det kjem til noko så enkelt som maskuline og feminine homofile, vil eg påstå at vi har greitt med førebilete.

Viss ein mann med knekk i handleddet gjer deg ukomfortabel, er du faktisk ein del av problemet

Viss ein mann med knekk i handleddet gjer deg ukomfortabel, er du faktisk ein del av problemet.

Så i staden for å sette maskuline og feminine skeive menn opp mot kvarandre, bør du gå ut og kritisere dei tronge og skadelege normene i samfunnet og prøve å skape eit samfunn for alle.


Les også

Innlegget til André Bjugstad (20): Jeg misliker å være homofil. Stempelet tar knekken på meg.

Les også

Jakob Semb Aasmundsen (20) svarte Bjugstad: Jeg vet at vi feminine homser utgjør et problem


Hør Aftenpodden Si; D: Ungdoms forhold til homofili

Hvorfor tagger gutter bilder med #nohomo om de klemmer en annen gutt? Er det nok homofile og lesbiske på tv og i serier? Hvorfor er det så fotballspillere som står frem som homofile?

Helen Hong (19), Kine Marie Bækkevold (19) og Sander Lerøen (17) diskuterer i Si ;Ds sommerpanel.

Hør med et klikk her:


Hvorfor hater folk i kommentarfeltet?

Vi spør vår faste psykolog Jørgen Flor om de psykologiske grunnene som ligger bak.

Si ;D-skribent Julie Moholt (21) mener de voksne er verst på å hetse i kommentarfeltene, mens sosiale medier-ansvarlig i Aftenposten, Kristin Grøntoft, gjester oss for å fortelle hvordan Aftenposten jobber når vi modererer kommentarfelt.

Les også

Her kan du høre alle Si ;D-podkastene!


Slik blir du podkast-abonnent:

— For iTunes: Trykk her

— Android eller annen telefon? Søk på Si ;D i din podkast-app.

— Soundcloud: Trykk her

Les mer om

  1. Skam
  2. Homofili
  3. Landsforeningen for lesbiske og homofile
  4. Seksualitet
  5. Transseksuell
  6. Ungdom

Relevante artikler

  1. DEBATT

    Jakten på «den akseptable homo»

  2. KRONIKK

    Kjensleløysa pregar homomiljøet som ein epidemi | Sondre Landvik

  3. SID

    Voldtekt: Rettsstaten svikter kvinner – igjen

  4. SID

    Få slutt på kjønnslemlestinga. Vi har fleire kjønn enn to. | Jane-Victorius G. Bonsaksen

  5. SID

    Som 14-åring tok jeg abort. Eller «utskrapning», som sykepleierne sa.

  6. SID

    Ikke kutt støtten til Globalskolen, Torbjørn | Mai Alice Frøyshov Skjelby