SiD

Eg heiter Emil. Dette er dagboka mi.

  • Emil Stedje Heggestad (21), i samarbeid med journalist Anders Veberg
Emil Stedje Heggestad (21) har flyttet fra Sogndal, og nå har han Oslo for sine føtter. Her kan du følge livet hans i én uke.

Si ;D: Eg er Emil Stedje Heggestad (21), Westerdals-student frå Sogndal som no bur i Oslo. Her er livet mitt.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Si ;D lanserer dagbokserie!

I dag og fire fredager frem i tid vil Si ;D presentere dagbøkene til fem Oslo-ungdommer med helt forskjellige liv og interesser.

Oppgaven de fem ungdommene har fått, har vært enkel: «Skriv ned det du gjør i en uke både i virkeligheten og på sosiale medier».

Ellers har de fått frie tøyler til å gjøre og dele hva de vil. Dagbokserien er ment som inspirasjon til skrivekonkurransen vår om å være ung i Oslo i dag.

Denne uken møter du Emil Stedje Heggestad. I løpet av uken vi følger ham, er han i praksis i et arkitektfirma, er på førpremiere av serien Girls og får besøk hjemmefra.

Emil er student ved Westerdals og bor på Rosenhoff i Oslo.

Her kan du lese hvordan det gikk:


Navn: Emil Stedje Heggestad

Alder: 21

Bosted: Rosenhoff i Oslo, og studerer Prosjektledelse: Kunst og kreativ næring på Westerdals Oslo ACT

Interesser: Film, musikk, konsertar, venner, diverse arrangement og kunst


Måndag

06:45

Vekkjarklokka ringjer, strategisk plassert på den andre sida av soverommet. For ein student med stor fridom til å leva livet som B-menneske, krevst det omstilling til to månader med praksis med oppmøte kl. 09.00. Likevel rekk eg ein god frukost og ein episode Family Guy. Klokka åtte spring eg ut døra for å rekka bussen.

11:30

Lunsj hos Dark Arkitekter, der eg skal ha praksis. Eg har vore veldig usikker på kva eg skal gjera vidare med studiane, men arkitektur kan vera kult. Eg angrar ikkje på at eg starta på Westerdals, men eg burde kanskje sett meg litt meir inn i studiet først.

15:25

Måtte gå litt tidleg, for sjefen min på YME på Paléet sa at det var krise og spurte om eg kunne jobba. Dette er éin av to deltidsjobbar, og eg takkar vanlegvis ja til alle vakter eg får.

20:45

Ein croissant i handa. Lett å gløyma mat på slike dagar. Eg trudde det ville bli ein roleg start på veka, men no er eg blitt spurt om å jobba H3 Arena i morgon.

Tysdag

06:45

Å vera oppe til kl. 01.30 var kanskje ikkje det luraste.

16:00

Etter mykje fram og tilbake måtte eg ikkje jobba i dag likevel. Det passar eigentleg ganske bra.

21:05

Eg sit i sofaen til Sondre, og me høyrer på musikk. Sondre er ein kompis av typen du kanskje ikkje møter så ofte, men som er blant dei beste uansett.

00:25

Heime etter ein KALD tur. Du veit du bur i byen når du klagar på å venta sju minutt på bussen. På veg heim melder eg litt med Julie, som kjem frå Sogndal i helga.

Onsdag

06:45

Tom for mjølk! Kvar morgon lagar eg havregraut med frukt og bær, men det går ikkje i dag. Heldigvis jobbar Marte, som eg bur med, på Handwerk, så eit lite brødtjuveri må vera innanfor.

16:30

Mail frå utvekslingskontoret på Westerdals, som behandlar søknadane mine. Eg merkar at eg er ganske gira på det!

19:10

Ei venninne er praktikant hos HBO Nordic og arrangerer førpremieren av sesong 6 av Girls på Rockefeller. Me har stått 30 minutt i kø ute – brutalt kaldt! Du veit du har fryst på hendene når ølen kjennest varm å ta på.

Torsdag

17:15

Rask tur heimom etter jobb. Julie er her, men eg rekk berre ei banan før eg må på skulen og representera studiet mitt på ein infokveld. Det går opp for meg at det er tre-fire veker sidan eg var der sist.

21:00

Skulle eigentleg ikkje bli igjen, men tok ein øl i baren på skulen etter jobb. Julie møter meg her, saman med mange frå klassen. Det kjennast som å sjå att alle etter ferien. Sjukt moro! Eg har eigentleg ikkje gitt skulebaren ein sjanse, men dette var ein suksess. Eg møtte Aya igjen, som eg såg mykje film med før. I år har me ikkje vore like flinke, så no skal me møtast på søndag.

23:00

Heime igjen med Julie. Me deler ein pose ostepop og høyrer på musikk.

Fredag

19:30

Etter ein saftig burger og litt for mykje fries, rullar me heimover. Skal me ut? Me tek nokre øl heime først.

23:00

Planen om å reisa ut gjekk i oppløysing, stemninga heime var så god. Gamle musikkvideoar på TV og god prat freista meir enn kulden.

Laurdag

11:00

Eg kjem til YME, spelar M83 på anlegget, og er klar for arbeidsdagen.

18:30

Ferdig på jobb, no skal eg og Julie ta ein kveld på Villa Paradiso. Skulle ha reservert, men det pleier å gå greitt.

00:00
Etter middag, ein rask GT heime og ein halvtime på vorspiel, skal me ut. Då kjem det evige problemet: Kor? Til slutt deler me oss i to, og eg var blant dei som reiste til Blå.

03:30

Det vart ein veldig fin kveld, med både vener frå klassen og Sogn. No er det nattmat og rett heim.

Søndag

11:45

Frukost og kaffi – ekstra viktig i dag. Eg og Julie skal til The Well for å ta ein fortent (?) roleg dag.

17:30

Middag etter bading, damping og alle typar vatn. Kanskje den beste middagen eg har spist på lenge! Me var også heldige då me bestilte ein vin som var utseld, og fekk ein langt betre vin til same pris. Nam!

20:00

Me ventar på The Well-bussen tilbake til Oslo. I dag har me brukt opp orda «mmm» og «digg».

*


Likte du denne dagboken? Da har vi et utvalg artikler vi tror du også kan like:

Les også

  1. Forrige ukes dagbok: Hei, jeg heter Victoria, og dette er min dagbok

  2. For det første – har du fått med deg skrivekonkurransen for deg under 21 år? Vi spør: Hvordan er det å være ung i Oslo i dag?

  3. Emil er én av mange studenter som må jobbe på fritiden. Da er det ikke uvanlig med opplevelser som den Tobias D. Lund beskriver i dette engasjerende innlegget

  4. Emil flyttet fra Sogndal til Oslo. Samtidig er dette stemningen i norske distrikter: – Vi er ikke sinte. Vi er rett og slett forbanna! (for abonnenter)

Les mer om

  1. Ungdom
  2. Oslo
  3. Studentliv
  4. Sogndal