Nok er nok, politikarar. La oss sleppe tvang. | Lars Erik Haugvaldstad Børresen
- Lars Erik Haugvaldstad Børresen (16)
Sidemål bør ikkje tvingast på elevar, skriv Lars Erik Haugvaldstad Børresen. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Nynorsk er det mest unødvendige å bruke tid, krefter og ressursar på i skulen.
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.
Nynorsk er det mest unødvendige å bruke tid, krefter og ressursar på i skulen. Når skal politikarane ta ansvar og fjerne dette for godt, sånn at vi kan bruke tida på noko fornuftig?
Elevar som meg vil ikkje læra to ulike skriftspråk av språket vårt. Eg meiner at vi bør kunna velja kva vi vil læra. Difor kan ein gjera faget om til eit valfag, som dei mest interesserte kan ta.
Då har ikkje dei som synest det er viktig med sidemål nokre argument, og det viktigaste er at dei framleis kan læra det andre skriftspråket. Så kan vi andre bruke tida på andre språk som vi har meir nytte av seinare i livet – engelsk og andre framandspråk!
Lars Erik Haugvaldstad Børresen (16). Foto: Privat
Framandspråk er viktigare
Skulen prøver å likestille språka, men det er ikkje realiteten. Bokmålsbrukarar er desidert i fleirtal, og å tvinga dei til å læra nynorsk, noko som dei aldri kjem til å trenga eller bruka i dagleglivet, er ikkje nødvendig.
Det same gjeld nynorskbrukarar som ikkje ønsker bokmål. Vinn-vinn for alle partar!
Norske elevar er fem prosent dårlegare i engelsk enn svenskar, viser forsking. Det trur eg er fordi dei norske elevane må læra seg sidemål.
For å gjera at norske elevar blir betre i engelsk føreslår eg at vi gjer alle dei ubrukelege nynorsktimane om til engelsktimar, eller meir timar i framandspråk.
La oss sleppe tvang
Då kan vi bli betre i enten tysk, spansk eller fransk, som eg meiner er viktigare enn at vi skal kunna to skriftspråk av det same språket. Vi bruka berre ein av dei i dagleglivet.
Nok er nok, politikarar. La oss sleppe tvang! Sidemål bør ikkje tvingast på elevar. Du bør kunne velja det viss du vil. Som eit resultat meiner eg at elevar vil bli meir positive til norskfaget.
I tillegg får vi fleire timar på andre viktigare fag, som engelsk eller framandspråk, eller andre fag, som du faktisk kan få bruk for i kvardagen din.
Vil du lese fleire saker om sidemål?
Du kan ikkje velje bort nynorsk berre fordi det er vanskeleg | Ingrid Bringsvor
Regjeringa ser ikkje viktigheita av språk | Dordi Boksasp Lerum
Til ungdom med dysleksi: Det går bra, det blir enklare, og det er verdt det | Ane Granhus Hermanstrand
13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innan tre dagar. Dersom du ønsker å vere anonym, må du oppgi dette tydeleg i mailen. Her kan du lese meir om å sende inn innlegg til oss.
Flere artikler
Politikarane må legge til rette for eit godt kollektivtilbod i heile landet
Googles nye skule-pc skapar nynorsktrøbbel: – Eg ser jo at resultata er gått ned
Dataspel i skulen kan gi betre elevprestasjonar
Det er absurd å ha eit opptakssystem som ikkje tar høgde for relevante karakterar
Kvalitetssikra læremiddel er ikkje gratis
Du kan ikke velge bort nynorsk bare fordi det er vanskelig