SiD

Sosiale medium øydelegg skulen for meg | Kristiane Fossnes Kurland

  • Kristiane Fossnes Kurland (16)

Samfunnet har utvikla seg til at alt skal skje raskt, blant anna kommunikasjon, «fast fashion» og «fast food», skriv Kristiane Fossnes Kurland (16). Tavarius / Shutterstock / NTB scanpix

Si ;D-innlegg: Du synast kanskje også at det er keisamt å lese dette lesarinnlegget.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

For eit par veker sidan fekk vi tildelt ein roman på omtrent 450 sider på skulen. Eg merka at eg blei stressa. Eg blei ikkje stressa fordi eg ikkje liker å lese eller synast at boka verka keisam. Leseevnene står det heller ikkje på.

Da eg gjekk på barneskulen las eg tykke bøker som Harry Potter. Så kva er da problemet? Problemet er at dei kognitive eigenskapane mine har blitt merkbart redusert dei siste åra. Eg skuldar på sosiale medium og samfunnsutviklinga.

Alt skjer raskare

Eg synast det blir vanskelegare og vanskelegare å følgje med på skulen, skulle høyre på læraren snakke i lange periodar, lese i fagbøker og romanar. Fokuset forsvinn fort, og eg blir rastlaus.

Eg er blitt så vand med at alt skal skje raskt, alltid få alle svara med ein gong og byte aktivitet viss eg kjedar meg. Dette tar sjølvsagd ikkje skulen omsyn til, men ein kan ikkje noko for det.

Samfunnet har utvikla seg til at alt skal skje raskt, blant anna kommunikasjon, «fast fashion» og «fast food». Til og med filmprodusentar har kutta ned lengda på kvar enkelt scene i filmar som fører til raskare skifte på skjermen, for at vi ikkje skal byrje å kjede oss.

Ting blir keisamt

Eg trur ikkje utviklinga er i ferd med å sakke ned heller.

I eit debattinnlegg i Vårt Land 7. april, skrive av lege og forfattar Usman Rana, fortel han om sosiale medium: «De endrer nervebaner i belønningssenteret [ ...] og kan ikke bare skape avhengighet, men endre oppførsel, reaksjonsmønster og ha konsekvenser for hukommelse og konsentrasjon.»

Hjernen er blitt vant med å ta imot utrulege mengder informasjon på kort tid, så når vi les, blir vi fort utolmodige fordi det går for sakte. Du synast kanskje også at det er keisamt å lese dette lesarinnlegget.

Reduser avhengnaden

Kva er løysinga på dette «temposkifte-problemet»?

Lærarar må respektere at elevane trengjer regelmessige pausar, men det er kanskje lurt å «tvinge» oss til å lese romanar i ny og ne. Sjølv kan vi innimellom velje bort pc i timen til fordel for ein god gammaldags notatbok, for å spare seg sjølv frå den distraksjonen ein pc er.

Rolege aktivitetar som måling til dømes, kan òg hjelpe oss å roe ned. Ein kan også kanskje gå ein tur utan mobilen for å «disconnect to connect». For sjølv om teknologi i stor grad er programmert for å vere avhengnadsskapande må vi redusere avhengnaden.

Les også

Jeg går på mobilfri skole. Det er fantastisk! | Emma Skåre Sivertsen


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


Les mer om

  1. Teknologi
  2. Ungdom
  3. Kommunikasjon
  4. Skole og utdanning

Relevante artikler

  1. SID

    Sidemålskarakteren er der for å hjelpe oss

  2. KRONIKK

    Læreboka må resirkulerast frå papp og papir til nye måtar å tenke på

  3. SID

    Det er absurd å ha eit opptakssystem som ikkje tar høgde for relevante karakterar

  4. SID

    Svarer Dordi Lerum (17): Dei nye læreplanane lyftar sidemål

  5. SID

    Ein SMS kan ikkje redde verda, men den kan redde nokon si verd

  6. KOMMENTAR

    Å erstatte lærebøker med Ipad for 5-åringar fortoner seg som ein sci fi-dystopi