SiD

Krev svar på spørsmåla frå politikarane | Svein Olav Sæter

  • Svein Olav Sæter
    Si ;D-journalist

Politikarane vil ikkje ha så mykje merksemd rundt det dei veit er upopulært, ikkje la dei slippe unna med det, skriver Svein Olav Sæter, Si ;D-journalist. REUTERS/Kevin Lamarque

Si ;D-innlegg: Regjeringa i Noreg har den same haldninga til kritiske spørsmål som Trump. Det er eit demokratisk problem.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Førre veke blei journalisten Jim Acosta stengd ute frå Det kvite hus. Grunnen var at han stilte spørsmål presidenten ikkje ville svare på.

Noko slikt kan vi ikkje sjå for oss at kan skje i Noreg. Ikkje fordi regjeringa vår har ei annleis haldning til kritiske spørsmål, men fordi dei har funne den høflege måten å unngå dei på.

Førehandsbestemte svar

Politikarar har nokre ting dei vil snakke om, og skulle det kome eit spørsmål om noko som helst anna, blir oppgåva å ro seg tilbake til vald tema.

Svein Olav Sæter (21), Si ;D-journalist. Privat

Dette er grunnen til at ein fort kan falle av i politiske debattar. Eit tenkt døme: «Kva skal vi gjere med klimakrisa?» blir svart med «Eldre må få betre mattilbod.»

Dette kan i seg sjølv vere underhaldande og av og til imponerande. Ein kan sitje igjen med kjensla av å ha fått eit svar, utan at eit einaste ord av betydning blei sagt om sjølve saka.

Korleis unngå uønska merksemd

Måten politikarar gjer det på, kan minne om ABC-metoden, eller answer, bridge, communicate.

Får ein spørsmålet «Kva skal vi gjere med klimakrisa?», må ein først faktisk gi eit svar. Til dømes: «Klimakrisa er eit alvorleg problem vi alle er opptatt av.» Dette er jo ein naturleg ting å byrje med når ein snakkar om klima.

Den drivne politikar kan så følgje opp med: «For meg er det viktig at ingen skal ha ei uviss framtid, uansett om ein er barn, vaksen eller gammal.» Vi spurde politikaren kva hen skulle gjere, og hen svarar med kva som er viktig for hen. Vi lar det gå, for vi forventar eit svar snart.

Avslutninga kjem, og vi får: «Derfor må vi ta vare på dei eldre og sikre at vi har eit godt tilbod med mat på alle gamleheimar.»

Og vipps, så blir klimakrise til eldreomsorg.

Politikaren har gitt eit svar, og sjølv om det var om noko heilt anna, har dei fleste gløymt kva det opphavlege spørsmålet var når vi endeleg kjem fram til svaret.

Gøym det upopulære

Kvifor vil ikkje politikarar svare på det dei får spørsmål om? Det er jo ikkje slik at dei faktisk ikkje har eit svar på kva akkurat deira parti vil gjere med klimakrisa.

Forskjellige parti har tillit på forskjellige saksfelt, såkalla sakseigerskap. Når vi seier «distriktspolitikk», «innvandring» eller «klima og miljø», så er det mest sannsynleg eit spesifikt parti som kjem i hovudet på oss for kvart saksfelt.

Det er desse felta eit parti vil snakke om, for om veljarane er opptatt av akkurat desse problema, er sjansen større for at dei vil stemme på deira parti.

Dei delane av partiprogrammet politikarane veit er mindre populære, vil dei derimot ikkje ha så masse merksemd rundt.

Hald politikarane ansvarleg

Kritiske spørsmål blir derfor avslått, med mindre dei handlar om akkurat det politikaren var førebudd på å snakke om.

Det er eit demokratisk problem. Folk med ansvar for heile samfunnet skal ikkje få halde nokre sider av dette samfunnet unna debatt, berre fordi dei trur dei ville blitt upopulære.

Hald politikarane ansvarlege. Partiet med den beste politikken har jo noko å tene på at fleire får høyre om han.


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.

Les mer om

  1. Politikk
  2. Retorikk
  3. Debatt

Relevante artikler

  1. KRONIKK

    «Natur-Judas!» «Lås deg inn på mentalsykehus!» «Innavla!» Klimadebatten trenger hjelp.

  2. SID

    Einsemd er vanskeleg å sjå. På dagar som 17. mai må vi vere ekstra merksame.

  3. SID

    Det har flamma opp ein brann i meg som vil vere umogeleg å sløkkje

  4. SID

    Politikarane må legge til rette for eit godt kollektivtilbod i heile landet

  5. DEBATT

    Det er fryktas tid i Brasil, og vi held rundt kvarandre. Men tida for kamp er no

  6. KOMMENTAR

    Kjøttskam. Flyskam. Ikkje berre var nesten alt eg gjorde plutseleg feil. Mykje blei og litt vanskelegare.