SiD

Tre gode grunnar til å få tilbake skulefruktordninga | Erlend Sund

  • Erlend Sund (17)
Frukt kan hjelpe med å redusere den sosiale ulikskapen blant elevane.

Si ;D-innlegg: Det kan ikkje vere tvil om at vi må ta tilbake skulefruktordninga.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Eg har opplevd fleire nedturar og dårlege ordningar i skulen. Ein av oppturane er definitivt skulefruktordninga. Eg har mange i ryggen når eg seier det er på høg tid å innføre den igjen.

Dette kan nemleg vere redninga for ein heil generasjon, og her er tre gode grunnar til det:

1.

Frukt er nemleg noko av det sunnaste du kan ete, og elevane har veldig godt av det.

Forsking som blei gjennomført av Universitetet i Agder, viser at elevar som får frukt og grønt på skulen har generelt betre matvanar enn elevar som ikkje får det. I enkelte barnegrupper eter 50 prosent mindre snacks.

Det er mykje.

Etevanane til folk blir danna tidleg i livet, og det er derfor god hjelp resten av livet. Du kan seie at å innføre skulefrukt hjelper heile samfunnet på sikt.

Dessutan er frukt sunt for hjernen og hjelper med å halde oppe konsentrasjonen gjennom skulekvardagen.

2.

Frukt er ei god økonomisk investering.

Norge er eit rikt land som har råd til å spandere frukt på elevane sine. Noreg er eit av svært få land som ikkje har ei matordning på skulen med skikkelege måltid, og nå har politikarane fjerna frukta og.

Noreg investerer mykje pengar i utdanning.

Då kan me like godt bruke pengar på noko som har dokumentert nytte for elevane.

3.

Frukt kan hjelpe med å redusere den sosiale ulikskapen blant elevane.

Det skal ikkje vere slik her i Noreg, at helsa til ein person og velferd avheng av ein person sin finansielle situasjon.

Rundt 5–12 prosent av befolkninga i Noreg er ”fattige”, og forskjellane aukar kvart år. Viss alle elevane fekk gratis frukt på skulen, ville alle elevane fått same fordelar, uansett bakgrunn og finansiell situasjon.

Konklusjon

Ut ifrå desse argumenta kan det ikkje vere tvil om at vi må ta tilbake skulefruktordninga.

Fordelane er umogelege å ignorere, skulefrukt kjem til å betre samfunnet vårt på sikt!


Tre gode innlegg å lese videre på:

Les også

  1. Ingvild Kessel (21): Vi kan bruke de «rare» gulrøttene som skolefrukt

  2. Mari Morken (21): Jo, skolefrukt ville være et skritt i riktig retning

  3. Nina Ørnes (19): Skolefrukt: Det er ikke noe negativt med frukt og grønt, men det er ikke statens ansvar


Hvordan nå målene sine?

Si ;D-psykolog Jørgen Flor gir råd! Her er noen av målene vi går gjennom og gir råd om:

– Begynne å trene mer
– Få bedre karakterer/jobbe mer med skolen
– Spare penger
– Bare spise godteri i helgene
– Legge seg tidligere

Les også

Her kan du høre alle Si ;D-podkastene!


Slik blir du podkast-abonnent:

— For iTunes: Trykk her

— Android eller annen telefon? Søk på Si ;D i din podkast-app.

— Soundcloud: Trykk her

Les mer om

  1. Skolemat
  2. Skole
  3. Videregående skole
  4. Velferd
  5. Mat og drikke