SiD

Kva med terroroffera i Kabul? | Mai Lene Fløysvik Hæåk

  • Mai Lene Fløysvik Hæåk (19), fungerande leiar i Oslo KrFU

Altfor mange liv er snudd på hovudet den siste veka. Men det gjelder ikkje berre i München, skriv Mai Lene Fløysvik Hæåk (19). Rahmat Gul / TT / NTB Scanpix/Matthias Balk / dpa

Si ;D-innlegg: 10 døde i Tyskland får mange minutts sendetid på Dagsrevyen. 80 døde i Afghanistan får under eitt minutt.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

På laurdag var det nesten litt surrealistisk å sjå korleis nettavisene laga mange forskjellige saker om skytinga i München, medan terrorangrepet i Kabul fekk relativt lite merksemd i forhold.

Frå München var det nyheitsstraum med kontinuerlege direkte oppdateringar. Det var fleire saker på topp på nesten alle nettavisene.

Dagsrevyen sette inn to reporterar som delte den siste informasjonen som hadde kome og teoriane rundt angrepet.

Enorm kontrast

Kontrastane til den vesle snutten rett etterpå om angrepet i Kabul, var enorm. Der var det ingen reporterar, ingen teoriar, ingen forklaringar og berre heilt nødvendig informasjon som kor mange døde det var, kor det skjedde, kven som stod bak og kven som var ramma.

Kunne media ha laga sterke reportasjar om enkeltmenneske som vart råka i Kabul også?

Eg pleier vanlegvis ikkje reagere så sterkt på denne forskjellsbehandlinga, fordi det er alltid noko ekstra med det som skjer nær oss.

Mai Lene Fløysvik Hæåk Olga Marie Brathaug

Eg har jobba på kjøpesenter store deler av sommaren og kan berre prøve å førestille meg frykta som ramma dei som var inne på Olympia Einkaufszentrum.

Altfor mange liv er snudd på hovudet den siste veka. Men det gjelder ikkje berre i München, slik media ser ut til å tru, men òg i Kabul.

Angrep på ytringsfridom

Då det skjedde to terrorangrep veldig nær kvarandre i tid i november i fjor, eitt i Paris 13. november og eitt i Libanon 12. november, forstod eg argumentasjonen for å fokusere mest på Frankrike.

Det er nærmare oss både geografisk og kulturelt, dødstala var høgare og det var det andre store angrepet i Paris på under eitt år.

Angrepa der vart sett på som angrep på viktige verdiar som har prega demokratiske land heilt sidan den franske revolusjonen: fridom, likskap og brorskap. No kan ikkje dei same argumenta nyttast.

I Kabul er det minst 70 fleire døde. Dei drepne var frå hazara-minoriteten og gjekk i ein fredeleg demonstrasjon mot eit kraftverk.

Å demonstrere mot det ein er usamd i er ein viktig demokratisk verdi, og angrepet frå IS er difor også eit angrep på ein grunnleggjande menneskerett: Ytringsfridommen.

Angrepet i Kabul var eit angrep på ein grunnleggjande menneskerett: Ytringsfridommen

Eg seier ikkje at tragedien i München ikkje burde fått mediemerksemd, men kunne dei kanskje ha fokusert like mykje på dei 80 døde i Kabul? Kunne dei latt ein reporter eller to kome med informasjon om angrepet og forklare nærmare?

Kunne dei ha laga sterke reportasjar om enkeltmenneske som vart råka?

Me kan ikkje la geografisk distanse bli kjenslemessig distanse. Det er lite solidarisk.


  • Meir om angrepet i Kabul: 80 døde
  • Meir om München: 16-åring pågrepet i forbindelse med skytingen
  • Mann (27) ble nektet inngang på konsert i Ansbach i Tyskland

Ungdomspodkast: Hvorfor dør homofile og lesbiske så fort i TV-serier?

Hvilken status har Paradise Hotel-deltakere blant unge? Hvordan har programmet endret unges syn på sex?

Trenger vi flere nakne menn i Game of Thrones? Hvorfor blir homofile og lesbiske karakterer ofte drept med én gang?

Og ikke minst: Blir Isak hovedkarakter i neste sesong av Skam?

Hør den med ett klikk her:

Les mer om

  1. Tyskland
  2. Afghanistan
  3. Kabul
  4. Menneskerettigheter
  5. Den islamske staten (IS)
  6. Medier
  7. Skyting

Relevante artikler

  1. SID

    Vi må vise den kjærligheten IS mangler, og be for dem

  2. SID

    Uansett alder, kjønn og religion: La oss gi IS fingeren - sammen!

  3. SID

    Ingen fortalte meg at det kjæresten min gjorde mot meg mens jeg «sov», var galt

  4. SID

    Takk. Det lønner seg å rope om hjelp.

  5. SID

    Hvis jeg velger å drepe, gjør jeg det som enkeltperson | Hibaq Egal (16)

  6. SID

    Muslimer, slutt å bruke Gud til å forsvare deler av Orlando-terroren | Fatema Al-Musawi