SiD

Pride er meir enn fjærboa og rosa tanga | Vetle Mikkelsen (20)

  • Vetle Mikkelsen (20)
Vetle Mikkelsen (20) (t.h) ber fana i Regnbueparaden i Bergen.

Si ;D-innlegg: Det at folk frameleis vert provosert, er eit bevis på at glitter og glam er relevante protestformer den dag i dag.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Det skjer omtrent kvart år rundt Pride-tider. Ei handfull skeive går ut i media og klagar på Pride-feiringane rundt om i landet.

Dei påstår at Pride er blitt redusert til europop, fjærboa og rosa tanga, og etterlyser eit breiare mangfald. Det er nesten så ein skulle tru at dei aldri har vore i ein Pride-parade.

Det er nesten så ein skulle tru at dei aldri har vore i ein Pride-parade

Tysdag førre veke gjekk Harald Lassen ut i Dagbladet og proklamerte at han var ein «skeiv homofob».

Onsdag gjekk Jesper Schildger ut i Si ;D og kritiserte homofile menn som danser ned Karl Johan i rosa tanga. Kva har desse to innlegga til felles?

Mellom anna at båe innlegga demoniserer utagerande kjønnsuttrykk, samstundes som dei usynleggjer mangfaldet i Pride.

Feiring av mangfaldet

Pride er ei feiring av mangfaldet, ei solidaritetsmarkering og ein kamparena for skeive rettar. Om ein faktisk går i ein parade, i staden for berre å sjå på media si dekking av den, vil ein sjå dette mangfaldet i praksis.

Ein vil til dømes finne bamseklubben, diverse politiske parti og organisasjonar, fagforeiningar og ja – folk i fjærboa og rosa tanga. Mangfaldet er enormt.

Men kvifor fjærboa og rosa tanga? Dette har mellom anna med skeiv historie å gjera. Skeive har opp igjennom historia vore ei særs marginalisert og uglesett gruppe.

Fordi vi allereie var på utsida i samfunnet, vart det nok òg enklare å bryte normene for kjønn og seksualitet – noko som på den tida provoserte mange.

Og det at folk framleis vert provosert, er eit bevis på at fjærboa, rosa tanga og glitter og glam er relevante protestformer den dag i dag.

Glitter gjer ikkje saka mindre

I tillegg er ei av kampsakene til den skeive rørsla at alle skal få utfolde seg sjølv, uavhengig av kjønnsuttrykk og seksualitet.

Dette gjeld òg fjærboa og rosa tanga. Det er heller ingen motsetnad mellom å vera utfordrande kledd eller sminka, og å kjempe for likeverd.

Det er ingen motsetnad mellom å vera utfordrande kledd eller sminka, og å kjempe for likeverd

Sjølv gjekk eg i Regnbueparaden i Bergen med Skeivt Nettverk i Raudt, med glitter over heile andletet og bar ei parole som handla om solidaritet med skeive flyktningar.

Glitteret gjorde ikkje saka mindre viktig, eller mi støtte for den mindre genuin, sjølv om Pride-kritikarane kanskje ville sagt at eg bidrog til «negative» stereotypiar av skeive.

Bak parola gjekk det forresten ein del eldre folk, mødre og barn, og ein haug ungdommar – ingen med fjærboa eller rosa tanga.

Ein kan leggje ut i det vide og det breie om negative stereotypiar og manglande mangfald, men eg vil i staden oppfordre folk til å kome på Pride og sjå det fantastiske mangfaldet i praksis.


Vi har hatt mange innlegg om Pride! Les flere av dem her:


Seksualitet — vi orienterer oss i jungelen!

Hva betyr det egentlig at det står + bak LHBT? Og visste du at det finnes over 80 kategorier du kan plassere seksualiteten din i? Demiseksuelle Mia Kristine Martinussen (17), lege Mina Adampour og Eirik Rise, leder i Skeiv Ungdom, diskuterer.

Hør den med ett klikk:

Les mer om

  1. Pride
  2. Seksualitet
  3. Skeiv ungdom
  4. LHBT