Stopp sjukeleggjeringa av intersexbarn | Vetle Mikkelsen
Si ;D-innlegg: Kvifor er vi så desperate etter å oppretthalde ein norm for korleis kjønnsorgan skal sjå ut?
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.
333193124_doc6p6uqsgqgclqwk1dzy.jpg
Kvart år vert 10-12 barn fødde med såkalla «uklare kjønnskarakteristikkar» i Noreg. Desse karakteristikkane kan vera uvanleg hormonbalanse, uvanlege kjønnskromosom, eller kjønnsorgan som ikkje heilt kan kategoriserast som penis eller vagina. Desse barna går inn under diagnosen intersex.
12799377_10207809888662902_929913354333977516_n_doc6p5qkwdexdj1f8llu118.jpg Foto: PRIVAT
Praksisen er ofte operasjonPraksisen for mange av tilfella der barnet har ubestemmelege kjønnsorgan, er at det vert utført operasjonar på barnet. I dei fleste tilfelle er det snakk om heilt friske kroppar, med heilt friske kjønnsorgan. Dei fleste kjønnskorrigerande operasjonane på intersexbarn er med andre ord kosmetiske, og skal sikre at kjønnsorganet ser «normalt» ut. Dette er eit overgrep mot barnet det gjeld!
Alle kroppar er ulike, og alle kjønnsorgan er ulike.
Det er snakk om ei sjukeleggjering av fullstendig friske kroppar, berre fordi dei ikkje ser ut som samfunnet seier at ein kropp skal sjå ut. Det finst allereie eit enormt mangfald av kroppar. Alle kroppar er ulike, og alle kjønnsorgan er ulike. Kvifor er vi då så desperate etter å oppretthalde ein norm for korleis kjønnsorgan skal sjå ut?
Mange kjenner seg ikkje heime i kjønnet det vart plassert i
Eg meiner det burde vera ein sjølvfølge at folk skal kunne bestemme over eigen kropp. Slik er det per dags dato ikkje for intersexbarn, og det må det gjerast noko med! Sjølvsagt finst det intersexpersonar som er nøgd med valet som vart teke for dei i ung alder. Men mange kjenner seg ikkje heime i det kjønnet dei blei operert til å passe inn i.
Mange skulle ynskje at legen hadde valt det andre kjønnet. Andre, igjen, skulle ynskje dei fortsatt hadde dei opphavlege kjønnsorgana sine.
Felles for dei alle saman, er at det skulle vore deira val til å byrje med.
Følg Aftenposten Si ;D påFacebook, Twitter og Snapchat (aft.sid).
Tre anbefalte Si ;D-innlegg om seksualitet:
Menstruasjon blir fremstilt som noe traumatisk:
Ingen skal bruke maiskolbe som menstruasjonsbeskyttelse
Er jeg fremdeles jomfru?
Jeg er en 19 år gammel jente som bare har hatt sex med jenter.
Jakob Semb Aasmundsen:
Tre grunner til at 2015 har vært det beste homseåret på lenge!
Si ;D har egen podkast!
Abonnér på den i iTunes ved å trykke her.
Hør siste episode!
Hvorfor er det færre unge som er kristne i dag? Vi spør!
Hva er tabu i dag? Vi spør ungdom hva de ikke tør å snakke om. – Med en gang vi beveger oss ned i underlivet, er vi i tabuland
12799377_10207809888662902_929913354333977516_n_doc6p5qkwdexdj1f8llu118.jpg Foto: PRIVAT
Vetle Mikkselsen (20)
Les mer om
Relevante artikler
Det er ikkje feminine homofile menn som er problemet. Det er samfunnet. | Vetle Mikkelsen
Jente (17): «Ingen veit det, berre familien min og legane. Ingen må få vite det»
Cooper-testen burde vere frivillig i gymtimen
Gleda over å verte 18 forsvann da eg ringde blodbanken og ville gi blod
Cooper-testen burde fjernast frå skulen
Når du velger operasjon for å få «ryddigere kjønnsorgan», øker kravene for hvordan alle andre skal se ut