SiD

Nynorsk er meir representativt for dialektmangfaldet i Noreg

  • James Konrad Puchowski (21)
Du treng ikkje skriva «åtgaum» eller «fråsegn» viss du ikkje brukar desse orda når du talar, skriv James Konrad Puchowski (21).

Nei, eg er ikkje ein sur vestlending. Eg har britisk pass, og morsmålet mitt er engelsk.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Forfattaren er britisk student i Oslo og aktiv i Målungdomen.

Nynorskbrukarar vil, tru det eller ei, ikkje tvinga bokmålsbrukarar til å byta til nynorsk! Men me vil gjerne få skriva på målforma vår utan at det vert stor diskusjon om kvifor me gjer det i fyrste omgang.

Ærleg talt, det er framleis vanskeleg å vera nynorsking i dag – særleg når du er student, som me har lært denne månaden. Kvisleis vert oss nynorskingar behandla av akademiske institusjonar i område der bokmål er hovudspråk? Svært dårleg, er mitt svar.

Treng ikkje gammalnorsk

Nynorskskrivande studentar i landet har rett til å be om eksamen på nynorsk, og me forventar at me skal få eksamensoppgåver som er forståelege og klåre – ikkje skrivne med ord som ingen har høyrt om før. Er du snill.

Me er leie av å måtte forklara kvifor me ikkje skriv på bokmål heile tida. Nynorsk er ikkje eit framandt språk! Kan du bokmål, kan du sjølvsagt lesa og forstå ein tekst på nynorsk.

Viss ein utlending kan bruka nynorsk utan å skrika, kan dokker også.

Du treng faktisk ikkje skriva nynorsk med gammalnorske uttrykk og ord som ingen brukar lenger. Du treng ikkje skriva «åtgaum» eller «fråsegn» viss du ikkje brukar desse orda når du talar – «merksemd» og «resolusjon» er like greie. Nynorsk er valfriheita/valfridomen sitt språk.

Viss eg kan, kan du også

Kvifor skriv eg alt dette? Fordi eg er ikkje norsk. Eg er ikkje bonde, eg er ikkje ein sur vestlending. Eg har britisk pass, og morsmålet mitt er engelsk.

Grunnen til at eg ikkje skriv på bokmål, som er det vanlege valet for dei fleste utlendingane som bur i Oslo og omland, er eigentleg fordi eg meiner at det nynorske skriftspråket er mykje meir representativt for dialektmangfaldet i Noreg.

Viss ein utlending kan bruka nynorsk utan å skrika og protestera – utan å spreia dårlege språkhaldningar overalt, så trur eg at det ikkje burde vera så problematisk for dokker.

Nynorskingar er i mindretal i det norske språksamfunnet, det veit me godt. Men me er framleis ganske mange, og me er ikkje åleine.

Eg synst eigentleg det er heilt akseptabelt å bruka bokmål, men situasjonen er jo at Noreg har to sidestilte skriftspråk, og nokre av oss har vald å nytta alternativet. Dette språklege valet må respekterast.


Nynorsk engasjerer! Les flere Si ;D-innlegg i debatten her:


Sommerpanelet: Ungdoms forhold til homofili

Hvorfor tagger gutter bilder med #nohomo om de klemmer en annen gutt? Er det nok homofile og lesbiske på tv og i serier? Hvorfor er det så fotballspillere som står frem som homofile?

Helen Hong (19), Kine Marie Bækkevold (19) og Sander Lerøen (17) diskuterer i Si ;Ds sommerpanel.

Det kan være vanskelig å navigere i podkast-universet. Men her har vi samlet alle våre. Her finner du garantert et tema du interesserer deg for!

Slik blir du abonnent:

— For iTunes: Trykk her

— Android eller annen telefon? Søk på Si ;D i din podkast-app.

— Soundcloud: Trykkher

Les mer om

  1. Nynorsk
  2. Bokmål