Sanner svarer Dordi Lerum (17): Dei nye læreplanane lyftar sidemål
Skulen har et særskilt ansvar for å ta vare på dei som tilhøyerer språklege mindretal.
Eg vil fyst takka Dordi Lerum (17) for eit godt innlegg på Si ;D, der ho er kritisk til at vi fjernar eigne halvtårsakarakterar i sidemål. Språket vårt er ein del av den vi er, og difor er det viktig at du og fleire engasjerer dykk om språket i skulen.
Eg vil understreke at skulen har eit særskilt ansvar for å ta vare på dei som tilhøyrer språklege mindretal.
Tidligare opplæring
Opplæringa i både hovudmål og sidemål skal bli betre med dei nye læreplanane. I dag kjem opplæringa i sidemål for seint, og vi har difor valt at opplæring i sidemål no skal starte tidlegare.No kjem sidemål allereie etter 4. trinn, ikkje etter 7. trinn som i dag.
Vi beheld sjølvsagt at elevane etter 2. trinn skal lytte til og samtale om skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk. På den måten møter elevane dei to skriftspråka frå starten av opplæringsløpet.
Vi meiner at tidlegare start med dette vil styrkje elevane sin kompetanse i å skrive på sidemål og gi ein jamnare progresjon i opplæringa.
Det er inga endring i standpunktkarakterar i norsk etter 10. trinn og etter Vg3. Elevane skal få karakterar i norsk munnleg, i skriftleg hovudmål og i skriftleg sidemål.
Ein samla karakter
Det som er nytt, er at elevane frå neste haust får éin samla karakter i skriftleg hovudmål og skriftleg sidemål på 8. og 9. trinn og på Vg1 og Vg2. Sjølv om den skriftlege karakteren blir éin samla, skal elevane få vurderinga ut frå den skrivekompetansen dei viser i både hovudmål og sidemål.
Elevane skal òg få tilbakemelding om utviklinga dei viser i både skriftleg hovudmål og sidemål. Dette har vi understreka i dei nye tekstane om vurdering i læreplanane.
Dette meiner eg vil gje elevane meir tid til fagleg fordjuping og heilskapleg opplæring i norsk.
Lærarane vil òg kunne få betre tid til å gi støtte til elevane si utvikling gjennom å gi andre tilbakemeldingar enn berre gjennom karakterar.
Dei nye læreplanane gir ei tydeleg prioritering av sidemålsopplæringa og begge dei norske skriftspråka. Når dei nye læreplanane blir tekne i bruk frå neste skuleår, er eg trygg på at opplæringa blir betre og at statusen til norskfaget blir auka.
13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.