Innfør 18-årsgrense på porno med Bank ID-verifisering!
Og nei, det ville ikkje betydd at pornoindustrien fekk fri tilgang til personopplysningane våre.
Konsum av pornografi blant unge fører til usunne kroppsideal, forvrenging av seksualitet og ikkje minst avhengnad! Me har eit ansvar for å skåne dei unge: Lovfest ei sikker 18-årsgrense no!
Den digitale verda er blitt ein større og større del av kvardagen vår. Som resultat av dette blir våre unge introduserte for teknologi og digitale plattformer i tidlegare og tidlegare alder.
Dette har sine fordelar, men å gje unge ei uregulert tilgang til internett og alt det har å by på, har utvilsamt sine mørke baksider. Den enorme aukinga av unge som ser pornografi, er ei slik bakside!
Ufatteleg lett tilgjengeleg
Ifølgje Medietilsynets undersøking «Barn og medium 2020» har nesten 50 prosent av barn og unge sett porno. Av dei har 60 prosent sett det før dei har fylt 13 år! Pornografi er enormt utbreitt og ufatteleg lett tilgjengeleg.
Pornoavhengnad kan vere enormt krevjande for dei som står i det, og det er ifølgje avisa The New York Post godt dokumentert at jo tidlegare ein byrjar å konsumere pornografi, jo større risiko er det for å bli avhengig.
Trass i at det er stor einigheit om skadeverknadene pornografi kan ha for våre barn og unge, har det vore liten vilje til å gå inn og regulere.
Bank ID
Kristeleg Folkeparti i Rogaland vedtok nyleg ein resolusjon ved namn «Digital Tryggheitspakke». Me meiner at det er på tide å lovfeste ei 18-årsgrense for pornografisk innhald på nett og sikre lovverket med Bank ID-verifisering for å kome inn på desse nettsidene. Ei ordning med BankID-verifisering vil vere ein effektiv og trygg måte å skåne barn og unge på.
Det ville ikkje betydd at pornoindustrien fekk fri tilgang til personopplysningane våre. Det ville derimot betydd at nettlesaren ville ha filtrert ut kva for nokre lenker som har pornografisk innhald (slik me allereie har teknologi for i dag), og at ein ville blitt sendt til ei offentleg side for BankID-innlogging. Deretter ville ein blitt vidaresendt til pornosida. Trygt, enkelt og effektivt.
Å beskytte unge frå digitalt innhald med stor skadeverknad er eit samfunnsansvar. Me har teknologien til å innføre tiltaka. Det einaste som manglar, er viljen! Det er på tide å ta ansvar for den psykiske helsa til barn og unge! Innfør 18-års grense på porno med BankID-verifisering!
13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Dersom du ønskjer å vere anonym, må du oppgi dette tydeleg i mailen. Her kan du lese meir om å sende inn innlegg til oss.
Skal du delta i kommentarfeltet?
Les kommentarfeltets ti bod først. Hold deg til saka!