SiD

Deppa på data: Sosiale medium er blitt notidas sjukehus | Eunike Nesby Bartnæs

  • Eunike Nesby Bartnæs (17)

Foto: Gunnar Pippel / Shutterstock / NTB scanpix

Si ;D-innlegg: Dei verkeleg tunge tankane krev meir oppfølging enn ein tommel opp og eit anonymt «stå på» i kommentarfeltet.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

For ikkje så lenge sidan las eg i ei avis at bloggaren Sophie Elise Isachsen hadde hatt angst. Ho hadde skrive om det på bloggen sin, og kommentarane hagla inn.

Eg syntest synd på henne, men etter at eg hadde lese om det, tenkte eg ikkje stort meir på det. Og om innlegget fekk Sophie Elise til å føle seg mykje betre, har eg mine tvil om.

Sosiale medium er blitt notidas sjukehus. Om kjærasten din har slått opp med deg, om foreldra dine skil seg, om du føler deg sliten og lei, eller om det har skjedd noko anna djupt personleg, kva gjer du da?

Jo, du legg det ut på Facebook eller andre sosiale medium, sjølvsagt.

Blir løfta fram

Facebook er fylt til randen med lange meir eller mindre velformulerte innlegg om kor jævlig livet er, og ofte er kommentarfelta like lange som innlegga er mange.

Kommentarane er generelt støttande, men kan hende noko overflatiske: «Fine deg», «stå på», «vakker» eller «dette går fint» er gjengangarar i kommentarfeltet etter at du har blottlagt elendet ditt.

Dei som skriv om sine erfaringar, blir prisa som heltar og løfta høgt opp i skyene. For vi lever i ein såkalla delingskultur, og det er viktig å vere open.

Men samstundes: Treng vi verkeleg å dele alt med alle? Kor mykje treng verda å vite om deg?

Mange meiner at det å dele på internett er bra, at det på ein måte blir meir OK å ha psykiske problem. Men nokre av dei verkelege tunge psykiske sjukdommane som til dømes schizofreni blir framleis ikkje skrivne mykje om.

Blir der for alltid

Når du fortel om problema dine, blir du veldig sårbar. Sjølv om du er sjuk, må du framleis verke rasjonell.

Det å vere sjuk på data er ikkje lett. Du må publisere lange innlegg slik at andre forstår korleis du har det, og kan gi deg råd.

Du må sjekke skrivefeil og passe på at det du skriv, ikkje på nokon måte er feil eller kan tolkast på ein «uheldig» måte, og du må ikkje skrive for trist eller brutalt ærleg for ikkje å støyte frå deg nokre av lesarane dine.

Det er bra at ein er meir open om psykisk sjukdom no enn før i tida. Det er fint at ein kan deppe på data og få kommentarar som kan trøyste og motivere.

Men – om eg byrjar å skrive ein blogg om at eg har ei psykisk liding, er det viktig å hugse på at den ligg der for alltid.

Om du fortel om sjukdom, er det ikkje sikkert at alle som kommenterer, er like trøystande og støttande. Kanskje vil du bli tiltalt for å vere på jakt etter merksemd og status?

Ta den telefonen

Og sist, men ikkje minst: Det er viktig å hugse på at dei verkeleg tunge tankane krev meir oppfølging enn ein tommel opp og eit anonymt «stå på» i kommentarfeltet.

Å deppe på data kan verke som ein rask måte å føle seg betre på.

Men når punktum er sett, kommentarane har stilna, og du sit der, spørst det om ikkje hadde vore betre å ha tatt den telefonen som gjorde at nokon stakk innom og spurte korleis du eigentleg hadde det.


Les også:

Les også

«Du er stygg og bitchy» - denne appen skal aldri lastes ned på mobilen min! skriver Agnes Nordvik (15).

Les også

Gutt (18): Jeg var fire år og kreftsyk. Heldigvis finner du ingen bilder av det på nett


Under 21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


Les mer om

  1. Sosiale medier
  2. Facebook
  3. Psykisk helse

Flere artikler

  1. KOMMENTAR
    Publisert:

    Eg veit ikkje korleis langtidssjuke har det, men eg håper eg forstår litt meir av det no

  2. A-MAGASINET
    Publisert:

    Klinikksjefen fikk selv korona. Tre måneder etter kjenner han seg fremdeles skåldet i halsen.

  3. SID
    Publisert:

    Gleda over å verte 18 forsvann da eg ringde blodbanken og ville gi blod

  4. DEBATT
    Publisert:

    Meninger: På fire minutter i Stortinget klarte Heidi Nordby Lunde (H) å gravlegge partifelle Bent Høies prosjekt.

  5. SID
    Publisert:

    Disse er best på å få ungdom til å føle seg verst

  6. SID
    Publisert:

    «Det er berre gamle folk som brukar høyreapparat», ble eg fortalt. Det er sårande.