SiD

Mange kommunar opplever nedgang. Difor må dei bli sterkare. | Lise-May Sæle

  • Lise-May Sæle (19), balestrending og ungdomskandidat til Stortinget for Høyre

Balestrand, Leikanger og Sogndal blir slått sammen til én kommune med tvang fra Stortinget. Dette vekker reaksjoner – Lise-May Sæle fra Balestrand er begeistret for hva de tre kommunene kan gjøre sammen. Foto: Anders Veberg

Si ;D-innlegg: At Stortinget vil gripe inn, er varsla for lenge sidan. Det ligg ingen vonde Cruella de Vil-intensjonar bak.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Høyrt om dottera som nekta å gå utanfor døra? Det var for skummelt, sa ho. Ikkje ville ho møte nye vener å leike med heller.

Mora var fortvilt. Kva skulle ho gjere?

Ho ville at dottera skulle verte meir robust, vise fram sine kvalitetar og hengje med vener.

Nokre av venene hadde invitert ho fleire gonger på besøk, men kvar gong sa ho nei.

Andre gonger svarte ho ja og kanskje på same tid, og venene vart litt forvirra. Likevel kom ho ikkje. Ein dag sat mora foten beint ned – «no skal du ut», sa ho. «Eg vil ikkje», svara dottera.

Her er Stortinget mora og Balestrand dottera. No blir Balestrand besteven med Leikanger og Sogndal, og saman vert dei best

Lise-May Sæle (19) fra Balestrand ønsker kommunereformen velkommen. Foto: Privat

Reform er blitt eit skjellsord, og eg er lei

For meg er reform vorte eit litt kjedeleg ord. Ikkje stygt meint. Men er ein aktiv Høgre-politikar så er det fort å gå litt lei sinte Sp-politikarar som brukar det som skjellsord.

«Reformkåte», «reformsentralisering», «reformøydelegging», «reformrasering», «reformgalne» og så vidare.

Så no snur me på korta litt. Kan me ikkje heller kalle r-ordet for snuskedusk?

Greitt for alle? Då gjer me det.

Fakta er at langstrekte Noreg treng snuskeduskar. Eit kommunekart som har vore likt sidan 60-talet, heng naturlegvis ikkje med i tida. Mange faktorar har endra seg sidan då. Arbeids- og busetjingsmønsteret, Facebook, utdanning, endra ressursgrunnlag og behov, folketal, kommunale tenester og så vidare. Ein kommunesnuskedusk er difor velkomen.

Kvifor? Jo, mange kommunar opplever folketalsnedgang og liten flyt av ungdomar som kjem heim att. Budsjetta vert nedskårne til beinet, og dette går utover dei kommunale tenestene som ein er pliktig til å levere.

Me treng ein sterk kommune i Sogn

Kommunesnuskedusken som no skal opp til behandling etter tallause nabopratar, intensjonsavtalar og gode prosessar, har vore frivillig. 116 kommunar har vorte til 46. 153 kommunestyre har fatta positive vedtak. Nokre har fått beskjed om å slå seg saman av Stortinget.

At dei vil gripe inn i veldig få tilfelle er varsla for lenge sidan. Det ligg heller ingen vonde Cruella de Vil-intensjonar bak.

Det luraste å gjere då, er ikkje å leggje seg ned og ta sorgene på forskot. Kva om det eigentleg ikkje er ei sorg?

Me treng ein sterk kommune i Sogn, som saman kan ta handlekraftige val, gjere kvarandre sterke og byggje eit godt lag. Ungdomen som lurer på om dei skal kome heim att, treng både bustadar, tilfredsstillande jobbar av alle slag og gode kommunale tenester.

Eg har trua på at Balestrand, Leikanger og Sogndal kan klare det. Saman.


Det er mange engasjerte stemmer i debatten om kommunereformen. Her er noen utvalgte saker og innlegg:

Les også

  1. Slik blir kommunereformen: 13 kommuner tvangssammenslås

  2. Trine Eilertsen: Arbeiderpartiet motarbeider en kommunereform som ikke er perfekt. Men den har ført til flere endringer enn Ap har fått til på 22 år.

  3. Når det er snakk om distriktspolitikk, blir Sverige ofte dratt frem om et skrekkeksempel. Men i de siste 45 årene har avfolkningen i Nord-Norge vært større enn på den andre siden av grensen, skriver Jonas Stein.

  4. Samtidig er det steile fronter når det er snakk om å flytte arbeidsplasser fra Oslo til distriktene. Dette innlegget fra Eid-ordfører Alfred Bjørlo (V) engasjerte mange: Kjære Robert Steen. Velkomen til den verkelege verda. Velkomen til Sogn og Fjordane.

  5. Kampen mellom bygd og by spisser seg til før valgkampen. Slik er det i distriktene: – Vi er ikke sinte. Vi er rett og slett forbanna! (for abonnenter)


Hør siste episode av Aftenpodden, med reformspesial, PK-Sverige og Facebook-fyll

Les mer om

  1. Kommunereform
  2. Balestrand
  3. Sogndal
  4. Leikanger