SiD

Julekalender 18. desember: «Kvifor kan du ikkje vera som alle andre? fekk eg slengt i fjeset. Då eg svarte, blei det stille.»

  • Iben Storli Øvstetun (23)
    Iben Storli Øvstetun (23)

Bildet til venstre viser Iben som 13-åring, rett etter at han fortalte andre om legningen sin. I dag bruker han mye tid på at andre skal våge å gjøre det samme. Foto: Privat/ knipsdesign / Shutterstock / NTB scanpix (tall)

Det viktigaste er ikkje å vinna krigen, men å etterlata seg eit merke.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Årets julekalender har tema «livsvisdom fra ungdommen». Dagens luke er skrevet av Iben Storli Øvstetun (23) fra Årdal.


Når ein veks opp i ei lita bygd, er det ofte slik at alle kjenner alle. Da snakkast ein ofte om kampen som var i helga, kva for eit kvinnfolk ein hadde med seg heim den kvelden og så vidare.

Eg har aldri brydd meg om normen, noko som skremmer mange. Eg kom offentleg ut som skeiv da eg var 13 år, noko som eigentleg er ganske tidleg. Det er fordi eg alltid har hatt god støtte heime. Eg har alltid fått vera meg sjølv 100 prosent.

Men mange går rundt med meiningar basert på noko ein har sett eller lese, men ikkje har opplevd sjølv.

«Kvifor kan du ikkje berre vera som alle andre?!» fekk eg slengt i ansiktet.

Min respons var: «Veit du kva? Eg lyt vera meg sjølv, for alle andre er opptekne.» Då blei det plutseleg stille. Vedkommande hadde vel ikkje forventa eit svar.

Mest positivt

For når det kjem til det å vera skeiv på ein liten plass, har eg sjølvsagt opplevd negative ting, men mykje meir positivt. Eg var veldig heldig med responsen eg fekk frå klassekameratane mine, venner og generelt sett alle. Etter litt tid forsvann alt det negative i den store mengda med alt det positive. Det er noko eg set pris på!

Men eg skjønnar så inderlig vel kor vanskeleg det må vera for dei som ikkje har vore like heldige som meg, og det er dei eg kjempar for kvar dag.

Les også

Julekalender 11. desember: «Du må ut!» skrek de og kastet meg på dør. Det var da jeg skjønte det.

Av og til kan livet vera utruleg vanskeleg, men så lenge ein har litt bein i nasen, taklar ein som oftast det meste. Det har ikkje alltid vore like enkelt for meg å ha denne haldninga. Men eg har lært at så lenge ein svarar for seg eller er den første som seier noko morosamt om noko folk mobbar deg for, så blir det plutseleg ikkje så gøy lenger.

Da viser du at uansett kva dei slenger etter deg, så aksepterer du deg sjølv nok til at deira meining ikkje betyr noko. Fordi du har lært å akseptera og elska deg sjølv. Og det er først da ein kan elska andre.

Har kvarandre

Det viktigaste er ikkje å vinna krigen, men å etterlata seg eit merke. Det er difor eg jobbar så hardt for det skeive miljøet i heimbygda mi. Det har eg gjort ved å fronta det skeive miljøet i media og i sosiale samanhengar, slik at dei som er yngre enn meg, skal forstå at ein ikkje ska vera redd for å konfrontera normen.

For å sitera ein vis mann, og ei legendarisk dragqueen, RUPAUL: «Me som er skeive, me er så heldige at me kan velja familien vår.»

For viss ikkje den me kjem fra, aksepterer oss, vil me alltid ha kvarandre.

Treng ulikskapar

Eg har alltid hatt full støtte fra familie og venner, men hadde eg ikkje hatt det, veit eg at det er nokon andre der ute som hadde vore i samme situasjon som meg, som kunne ha vore der for meg. Nokon eg kunne kalla ein familie, fordi dei hadde gitt meg den støtta og kjærleiken eg hadde tronge.

Men for å visa at alle fortener aksept, vennskap og ikkje minst kjærleik, er det utruleg viktig at ikkje berre me som skeive, men alle, skjønnar at for å skapa eit godt samfunn, må me vera forskjellige!

Så mi oppfordring til deg som les, er: Stå imot normen! Ver deg sjølv, ta eigne val og stå for det du meiner! Slik skapar ein respekt.


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.

Les mer om

  1. Livsvisdom fra ungdommen 2019
  2. Homofili
  3. Seksualitet

Livsvisdom fra ungdommen 2019

  1. SID

    Jeg er kulturell jøde. Nylig satt jeg i et panel med folk av annen tro. Samtalen beveget meg.

  2. SID

    Du er faktisk perfekt som du er. Og det betyr ikke det jeg trodde før.

  3. SID

    En gang gjorde jeg mer enn bare å smile og si «hei». Den gangen forandret hvordan jeg så på verden.

  4. SID

    Jeg skulle aldri bli som ham. For den beste hevnen du kan få, er å leve lykkelig.

  5. SID

    Jeg er utrolig takknemlig for at mamma og pappa valgte å bli mine foreldre

  6. SID

    Jeg vant VM i Fortnite. Dette er det jeg har lært - og mine råd til dere som spiller.