SiD

Svaret på korleis vi kan stoppe mobbinga, er enklare enn du trur

  • Jente (16)
Svaret er mindre klassar, skriv jente (16).

Si ;D-innlegg: Som ei som sjeldan blei behandla bra av klassekameratane mine opp igjennom barneskulen, veit eg kva som hjelper.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Brennpunkt viste nyleg dokumentaren Arnar og Mia, som handlar om mobbing og kvifor vi ikkje kan stoppe det.

Svaret er enklare enn du trur, og av personleg erfaring kan eg seie at det verkeleg hjelper.

Som ei som fleire gonger er blitt fortalt at eg må ta mitt eige liv og sjeldan er blitt behandla bra av mine klassekameratar opp igjennom barneskulen, veit eg kva som hjelper, eg har sett det med mine eigne auge.

Måtte bytte skule

Svaret er mindre klassar. Sjølv måtte eg bytte til ein Steinerskule. Det var ikkje mange elevar i den nye klassa, og eg fekk det mykje betre frå første stund.

Også no som eg går på vidaregåande, på ein endra mindre skule, ser eg at mindre klassar er løysinga.

Eg seier ikkje at dei som blir mobba skal trenge å bytte skule. Nei, problemet er at den offentlege skulen er full av altfor store klassar og for få lærarar, noko som ofte lagar eit dårleg klassemiljø, kor læraren ikkje ser elevane sine.

Kvaliteten på kva læraren seier, har ingenting å seie viss alt ein kan tenkje på er om ein vil få bank i dag også.

Heve statusen

Dette er ein viktig sak for meg, sidan eg har sett og opplevd alle fordelane med ei lita klasse. Vi må gjere noko.

Og å gjere det vanskelegare å bli lærar er ikkje løysinga på problemet. Det vi må gjere, er å heve statusen til læraryrket til det det fortener.

Slik kan vi sørgje for at fleire folk vil bli lærar – i staden for å hindre folk som er meir enn nok kvalifiserte til å bli det.

Det er på tide at politikar og skular tar tak. Me må få mykje mindre klassar, ikkje mykje meir enn 20 elevar pr. lærar.

Og til slutt. Alt handlar om prioriteringar. Og skule er noko av det viktigaste vi har.

Det er viktig å prioritere skule og lærarar for å gjera skulen til ein trygg stad for barn – ikkje ein stad dei skal vere redde for å gå til.


Under 21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


Disse innleggene vil kanskje også interessere deg:

Les også

  1. Hun inviterte til jentebursdag. Etter en time ringte hun for å høre hvor de var.

  2. Ingrid Elise Kaggerud: Jeg fikk høre flere ganger om dagen at jeg var dum. Til slutt lå det som et ekko i hodet mitt.

Les mer om

  1. Mobbing
  2. Skole