SiD

Trump er symbolet på det motsette av internasjonal solidaritet, samarbeid og forståing | Jacob Bredesen

  • Jacob Bredesen (17), Fylkesleder i Sogn og Fjordane Unge Venstre

Det går ikkje an å skjerma dagens barn frå retorikken til Trump. Mine sysken, som er mellom 6 og 10 år, spurde om det vart 3. verdskrig no, skriv Jacob Bredesen (17). Foto: Paul Sancya / TT / NTB Scanpix

Si; D-innlegg: Sjølv om vi lærar barna våre å ikkje mobba, blir ein mann som gjer nettopp det verdas mektigste mann.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Onsdag vakna eg til det eg trudde var umogeleg. Donald Trump blei valt til president, ein mann som er sjølve symbolet på det motsette av dei progressive liberale kreftene som har kjempa for internasjonal solidaritet, samarbeid og forståing, handlekraftig klimapolitikk og retten til å elska kven ein vil.

Det vert stadig klarare at kampen mot høgrepopulismen er vår tids sivilisasjonskamp.

Treng vi meir internasjonalt samarbeid? Svaret er endå klarare enn før.

Røyster på ein mann som mobbar

Når ein mann som går til val på rasisme, sexisme og homofobi vert valt som leiar av «den fria verda» har vi eit problem. Når ein mann som mobbar uføre, minoritetar og politiske motstandarar kan få stemmene til folket er det ikkje anna enn skummelt. Vi lærer barna våre å ikkje mobba, og handsama alle med respekt, men likevel røyster vi på ein mann som brukar retorikk på nivå med ein mobbar i barneskulen.

Når ein mann som går til val på rasisme og sexisme vert valt som leiar av «den fria verda» har vi eit problem

Det går ikkje an å skjerma dagens barn frå retorikken til Trump. Mine sysken, som er mellom 6 og 10 år, spurde for eksempel om det vart 3. verdskrig no. Dagens barn har tilgang til alt gjennom internett, og det gjev oss eit forklaringsproblem. Om vi vil at barna våre skal veksa opp med toleranse og respekt, kan vi ikkje ha ein verdsleiar som spyr ut det motsette.

Utdanning er nøkkelen til å kjempa mot framandfrykt

Som elev på Raude Kors Nordisk United World College i Flekke har eg levd tett på verda med 200 elevar frå 95 ulike land i snart to år. Etter denne unike opplevinga er det klart at folk frå andre land, kulturar og bakgrunnar ikkje er noko å frykta. Vi har alle ambisjonar om ei betre verd, uansett om ein er kristen, muslim, buddhist eller ateist.

Eg er stolt av å vere ein del av UWC-rørsla som har som mål å sameina folk og nasjonar gjennom utdanning. Utdanning er nøkkelen til å kjempe mot framandfrykt, hat og rasisme. Verdiar som Trump og hans allierte er med på å spreia.

Må fronta dei gode verdiane

På tysdag er det 27 år sidan Berlinmuren falt, og samla aust og vest. Etter 2. verdskrigen sa vi: «Aldri igjen», men no ser det ut som om den tanken igjen er under press.

Då er det viktig at vi står saman og frontar dei gode verdiane som har gitt oss ei verd med eit historisk lågt konfliktnivå.

No er det viktigare enn nokon gong at vi har fokus på respekt trass i ideologiske skilnader. Debatten må handla om framtida vår og om vanlege folk sine problem. Folk må bli høyrt, ikkje føla seg oversett.

Alle må sjå ut mot verda

No må vi sjå framover. Alle har ansvar for å sjå ut mot verda. Vi må ikkje trekkja oss inn i små sirklar av likesinna individ som vil byggja nye barrierar mellom folk. Uansett kva politisk syn, må vi jobba for eit verdssamfunn som respekterer verdien av alle menneske som forankrar verdiane sine i medkjensle og respekt for kvarandre.


Les flere innlegg om valget i USA her:

Les også

I dag føler jeg dyp skam på vegne av landet mitt. Men også stolthet over i morgen, skriver Indigo Trigg-Hauger.

Les også

Vertsfamilien min er frustrert over valget. Det er jeg også, skriver Maria Aasmundtveit (17).

Les også

Antony Martel: Med tungt hjerte går det opp for meg at jeg ser annerledes på folket mitt enn jeg gjorde før.


Hør Aftenpodden Si; D: Negativ leveregel: «Jeg må være godt likt av alle»

Andrea Lund (20) er én av dem som føler hun må bli likt av alle og lever etter denne leveregelen.

– Det er ikke nødvendigvis sunt, sier psykolog Aksel Inge Sinding.

Hør hvilke konstruktive råd han gir henne og andre som lever etter denne regelen.

Hør med et klikk her:

Les mer om

  1. USA
  2. Donald Trump

Relevante artikler

  1. SID

    I dag føler jeg dyp skam på vegne av landet mitt. Men også stolthet over i morgen. | Indigo Trigg-Hauger

  2. VERDEN

    Kraftige reaksjoner på Trumps Twitter-mobbing: - En trist dag for USA.

  3. DEBATT

    Abid Q. Raja: Obama, Trump - og sønnen min

  4. NORGE

    Her blir flyktningene sendt rett på jobb i stedet for toårig kurs: – Norsk integreringspolitikk er på feil spor

  5. KULTUR

    Rasismedebatten på Kunsthøgskolen: – Nøyaktig samme diskusjonen som i København

  6. KRONIKK

    Det klassiske naturvernet er i krise. Stå vakt om naturen!