SiD

Du forstår ikkje. FN er ikkje eit diktatur. | Julie Sætre

  • Julie Sætre (18), FN-Sambandets Ungdomspanel

Kvar minste stat har ei like høg stemme som dei største stormaktene, skriv Julie Sætre (18). Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Si ;D-innlegg: Utan FN hadde vi ikkje hatt den same sikkerheitsramma rundt oss som vi har i dag har.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Kjære Anonym (16), som skreiv innlegget «FN er eit diktatur» på Si ;D 15. september. Vetoretten er omstridd, og kor vidt han framleis skal eksistere, er på dagsordenen allereie.

Kanskje skulle nokre av stormaktene i sikkerheitsrådet ha vore bytta ut? Kva med Brasil, Japan, Tyskland og India? Kanskje ein skulle ha utvida sikkerheitsrådet slik at fleire land fekk delta om gangen?

Likevel, kva gir deg lyst til å kritisere organisasjonen som er med på å passe på at staten ikkje bryt loven mot deg?

Vi har ei like høg stemme som stormaktene

FN er ikkje perfekt og vil kanskje aldri bli det.

Det eg veit, er at utan FN hadde vi ikkje hatt den same sikkerheitsramma rundt oss som vi har i dag.

FN har vore meklar i eit enormt tal saker med fleire nasjonar innblanda og deltatt aktivt i fleire konfliktar for å kome til ei løyving – med suksess.

Sannsynlegvis er du vant med å ha det godt

Du meiner at FN er diktatorisk styrt. Kva med den årlege generalforsamlinga der alle dei 193 medlemslanda får fremje si meining?

Kvar minste stat har ei like høg stemme som dei største stormaktene.

Forstår ikkje kor heldig du er

Sjølv om det er fem land med vetorett i sikkerheitsrådet, er det ikkje slik at dei hemningslaust bruker den i alle saker som har den minste negative konsekvens for deira land.

Du må huske, dei har ei heil verd som tilskodarar.

Om du meiner at FN samsvarer med nokon av dei verste diktatorane i verdshistoria og berre er til bry, syns eg ikkje du forstår kor heldig du er som blir beskytta og passa på.

Sannsynlegvis er du vant med å ha det godt, slik som dei fleste nordmenn, og forstår derav ikkje viktigheita av FN?

Eg håpar du snart vil innsjå kor mykje bra FN gjer, at vi ikkje kunne klart oss utan ein slik organisasjon, og at vi, ungdommane, skal vidareføre og forbetre han.


Det siste halvåret har Aftenposten kommentert FN to gongar på lederplass:

Les også

Aftenposten mener: Det haster å få FN inn i dagens verden

Les også

Aftenposten mener: FNs avmakt satt i et grelt lys



Høyr den nyaste episoden av Aftenpodden Si ;D:

Tre hijab-debattantar svarar på kommentarane under innlegga sine.

Les også

Her kan du høyre alle Si ;D-podkastane!


Slik blir du podkast-abonnent:

— For iTunes: Trykk her

— Android eller anna telefon? Søk på Si ;D i podkast-appen din.

— Soundcloud: Trykk her

Les mer om

  1. FN
  2. FNs sikkerhetsråd
  3. Utenrikspolitikk
  4. Internasjonal politikk
  5. Menneskerettigheter
  6. Ban Ki-moon
  7. Børge Brende

Relevante artikler

  1. SID

    FN er et diktatur

  2. SID

    Kassadama, postmannen, læraren. Dei burde fått eit diplom alle saman

  3. SID

    Ja, eg snakkar annleis. Ikkje lat som om du forstår meg om du møter meg. | Marie Mannes

  4. SID

    Kommunesamanslåing: Noreg har demokrati, seier du?

  5. SID

    Si ;D: Eg er 16 år og stappmett på livet

  6. SID

    Flyktningane fortener ein trygg stad å vere