SiD

Eg er glad for at eg fekk lære menneskehistoria gradvis. Ellers hadde eg nok vore eit redd og usikkert barn | Kristianne Farstad Bergseth

  • Kristianne Farstad Bergseth (18)

Si ;D-innlegg: Læraren sa at verda har gått vidare sidan 1945. Men har ho det?

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.
Kyrkjegarden til mange båtflyktningar er havet, H2O, molekylet som gir oss liv. Ironisk, er det ikkje? spør Kristianne Farstad Bergseth (18).

Ei jente på 18 år var ikkje fødd då muren i Berlin fall. Ho vil ikkje hugse då flya til al-Qaida krasja inn i Pentagon og World Trade Center, sidan ho var knapt to år.

Ho vil derimot mest sannsynleg hugse den dagen terrorangrepet på Utøya skjedde. Kanskje var ho ute i gata og leika «spark på boks» med naboborna då mora ropte på henne.

Kanskje mora ville be henne inn i stova for å sjå på nyheitene slik at ho kunne forklare for henne kva som hadde skjedd. Da var ho ti år gamal og tenkte dette var noko av det mest grufulle nokon nokosinne kunne ha gjort.

Ikkje redd

Da Russland annekterte Krim-halvøya i 2014, hadde ho lært om dei to store verdskrigane i historie på skulen. Og som 13-åring tenkte ho at hendinga likna på det som skjedde før andre verdskrig, då Tyskland invaderte Polen.

Men ho vart ikkje redd. Det ville jo aldri skje noko med henne, vart ho fortalt.

Far hennar forklarte henne at Noreg var veldig gode på diplomatiske forhandlingar. Og læraren forklarte at dei ikkje lenger var i 1945, at det ikkje var fare med, fordi verda hadde gått vidare. Men har ho det?

Vi er overlegne

Mennesket har ein forunderleg måte å eksistere på. Vi er overlegne dyr som har klatra til toppen av næringskjeda. Og då vi kom dit, bygde vi ein stige for å klatre enda lenger.

Og då vi kom dit, konstruerte vi ein rakett for å skyte oss enda høgare, til vi til slutt ikkje lenger identifiserte oss som ein del av næringskjeda.

Hjernen er blitt for stor, sinnet rekk ikkje over.

Vi er blitt for mange. Vi har for mange, for store, for kompliserte utfordringar. Korleis skulle vi kunne vite korleis ein styrer heile verda?

Krigar er det blitt færre av, fred er blitt meir vanleg. Likevel tek fleire sjølvmord, er deprimerte og ulykkelege.

Likevel trur ikkje den demokratisk valde presidenten i USA på global oppvarming.

Og likevel kjem vi aldri til å løyse problemet med fattigdom, «nokon må tape, skal andre vinne», blir det sagt. Og ingen av vinnarane vil slutte å vinne.

Listhaug fekk prøve

I 2015 flykta nærmare 900 000 menneske over Middelhavet på leiting etter eit betre liv.

I diktet «Medan lyset kjem» skriv Rønnaug Kleiva: «Dei blå scillaene i skråninga ved kyrkjegarden vendt mot havet».

Scilla er ei planteslekt som ikkje veks vilt i Norge, men må importerast hit. Scillaene kan kanskje symbolisere båtflyktningane som misser livet på havet.

Dei får ikkje si eiga grav på kyrkjegarden vendt mot havet, kyrkjegarden deira er havet. Dei blir slukt av havet, av H₂O – eit av dei viktigaste molekyla for menneske.

Ein av grunnane til at det finst fleire små og store organismar på planeten Tellus.

Det som gir oss liv. Ironisk, er det ikkje?

Men vi forstår dei jo, det gjer vi, spesielt Sylvi Listhaug, sidan ho fekk prøve ut korleis det er å være båtflyktning. Ho fekk til og med prøve å falle overbord. Med våtdrakt. Og flytedrakt. Medan ho heldt seg fast i eit tau. Ved sidan av ein båt.

Frå Voyager til Hiroshima

Romsonden «Voyager 1» vart i 1977 sendt ut i verdsrommet, med ukjent destinasjon, bort frå Jorda, bort frå solsystemet. Kanskje ville nokon der ute støyte på han og finne ut om oss?

Lenge etter at vi er borte, vil nokon kanskje, i ei fjern framtid, tenke på oss menneska her på Jorda. Det er fint, men også skremmande å tenke på for eit lite menneske.

Det er eit paradoks, er det ikkje? Vi er avhengige av nye teknologiske oppdagingar for å skape meir orden i dette kaoset. Om ikkje vil det bli kaos i det kapitalistiske systemet.

Samtidig er det teknologiske oppdagingar som kan skape mest kaos av alt.

«Medan lyset sakte kjem, et vi frukosten vår». Og medan atombomba «Little Boy» blei sloppen over Hiroshima, sat kanskje ein liten gut og tok sin første bit av brødskiva.

USA forsvarte seg med at dei ville sette ein stoppar for vidare lidingar. For amerikanske borgarar, vel og merke.

Våre tommeltottar

Kva som hadde skjedd om dei ikkje gjorde det, er eit anna spørsmål. «Nebb mot nebb hakkar fuglane på kvarandre», og menneske vil alltid gjere det same.

Med våre tommeltottar og alt for store hovud har vi utrydda ei mengd dyreartar.

Dei fleste allereie lenge før vi starta med å systematisere oss i dyreartar. Vi følgde berre evolusjonen sine reglar, utan å vite det, og vaks som populasjon. Om vi fortset slik vi gjer i dag, vil vi kanskje klare å utrydde oss sjølve også.

I store delar av verda ser ein det. «I Delhi hostar ein. I Beijing ser ein ikkje himmelen». I Noreg merkar vi ikkje mykje av det, i alle fall ikkje enda.

Eg ville vore redd

Eg er ei jente på 18 år. Og eg er veldig glad for at den eldre generasjonen har delt opp mennesket si historie og gitt meg ho litt etter litt.

Om eg hadde fått vite alt eg veit no, om både mennesket og om utfordringane vi står overfor, hadde eg nok vore eit redd og usikkert barn.

Difor eg er takksamd for at alt har kome gradvis.

Men kan det vere slik at den eldre generasjonen har skåna seg sjølv litt også? Ikkje heilt orka å ta tak i problema? Ikkje gjort nok?

Kvart år kjem eg til å lære noko nytt om verda, kanskje eg kjem til å forstå også dette betre når eg blir vaksen. Retting: eldre.


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


Les mer om

  1. Si ;D
  2. Ungdom
  3. Historie
  4. Menneskets tidsalder
  5. Global oppvarming
  6. Krig