SiD

- Det er usakleg å hate eit språk

  • Si ;D-redaksjonen
    Si ;D-redaksjonen

Karl Peder Mork (19) slår et slag for nynorsk.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Navn: Karl Peder Mork

Organisasjon: Norsk Målungdom

Nårog kvifor bestemte du deg for å bli medlem av Norsk Målungdom?

karl fredrik mork.jpg

I2009. NMU har lokallag på Katta der eg gjekk. Eg blei med på ei tilskiping ogfekk lære at språkstoda i Noreg ikkje er så grei som eg trudde. NMU arbeiderfor at alle skal ha glede av begge språka våre – både som sidemål og somhovudmål. Kvar dag blir folk mobba og utestengt på grunn av målforma ellerdialekta si. Det er ikkje greitt, og det må vi gjere noko med. Kviforer organisasjonen din viktig?

NMUer den einaste ungdomsorganisasjonen som arbeider for meir nynorsk, og dinespråklege rettar. I Noreg har vi to språk som er like mykje verd, det bestemteStortinget for over 120 år sidan. Men sjølv om det står i lova er det kvart årmange som ikkje får lærebøkene sine berre fordi dei nyttar ei anna målform ennfleirtalet på skolen. Når politiske parti i det same bygget vil fjerne deiordningane vi har no og endre den norske språkstoda, må vi seie ifrå. Det erikkje lett å vere i mindretal i språkdelte område – men måla er mange! Vi måstå saman, uansett kor du er frå eller kva målform du har. Det handlar omspråket vårt, kulturen vår og rettane våre som språkbrukarar.

Kva vildu seie til ungdom som hatar nynorsk?

Deifleste som «hatar» nynorsk seier at sidemålskarakteren trekker ned snittet. Dåmå vi spørje: kvifor det? Eg meiner vi skal ha karakter i båe målformer, mendet betyr ikkje at eg er nøgd med ordninga slik ho er i dag. Det er usakleg åhate eit språk. På landsbasis er gjennomsnittskarakteren i matematikk lågareenn for sidemål, men det er ingen som vil fjerne matematikk frå skolen. Folk«hatar» nynorsk fordi sidemålsordninga, skolen og media ikkje viser dei kva formoglegheiter dei får med to målformer.

Kvaville du gjort for nynorsken om du var statsminister for ein dag?

Vi treng ei betre ogtidlegare sidemålsopplæring. Ingen lærer eit språk godt nok til eksamen på toår. Særleg ikkje når dei er i puberteten. Dessutan må vi få nynorsken inn isamfunnet, også utanfor kjerneområda. Lokale og landsdekkande verksemder måtore å nytte nynorsk. To av dei største avisene i Noreg, VG og Dagbladet, måoppheve nynorskforbodet, eller miste pressestønaden. Det burde ikkje vere lov åforby eit språk og å nekte journalistar å nytte språket sitt på jobb.