SiD

Legalisering løyser ikkje rusproblema i samfunnet | Marie Jahren Fludal

  • Marie Jahren Fludal (21), varamedlem til Juventes landsstyre
Cannabis er, på same måte som andre rusmiddel, ikkje ufarleg, og samfunnet er tent med at færrast mogeleg bruker det, skriver Marie Jahren Fludal (21).

Si ;D-innlegg: Sjølv om ein legaliserer, forsvinn ikkje den svarte marknaden.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Lars Øye Brandsås frå Unge Venstre skriv på Si ;D 16. november at han ønskjer seg ein meir liberal narkotikapolitikk i Noreg. Han ser til USA og hevdar at det står betre til der. Det er eg ueinig i.

Større tilgjengelegheit aukar forbruket

I Noreg er det få som bruker narkotika, og fleirtalet vil ikkje legalisere cannabis eller andre narkotiske stoff. Vi veit at større tilgjengelegheit aukar forbruket. Det ser vi i alkoholpolitikken her i Noreg, og det har ein sett der ein har legalisert i USA. Colorado er ein av statane som har legalisert cannabis, og der har ein sett ei auking i bruken – også blant mindreårige som eigentleg ikkje skal få kjøpt det. Med auka bruk følgjer fleire skadar.

Marie Jahren Fludal (21).

Norsk narkotikapolitikk er ikkje perfekt

Cannabis er, på same måte som andre rusmiddel, ikkje ufarleg, og samfunnet er tent med at færrast mogeleg bruker det. Noreg ligg i botnen når det gjeld bruk av cannabis, både blant vaksne og ungdom. Det tyder på at vi gjer noko rett. Det betyr ikkje at alt i norsk narkotikapolitikk er perfekt, men eg ønskjer ikkje ein politikk som legg til rette for meir bruk.

Legalisering vil ikkje danke ut den svarte marknaden

Brandsås er overtydd om at legalisering vil danke ut den svarte marknaden. Det er ikkje eg. Sjølv om ein legaliserer, forsvinn ikkje den svarte marknaden. Sjølv om nokre statar i USA har legalisert, blomstrar dei kriminelle kartella enno. Så klart er det lettast å redusere kriminalitet med å auke terskelen for kva som er kriminelt. Men er det det vi ønskjer?

Vi må gripe inn og hjelpe

Eg ønskjer meg eit samfunn der færrast mogeleg opplever problem med eigen eller andres bruk av rusmiddel. Det oppnår vi ikkje ved å leggje til rette for auka bruk, men ved å ha sjansen til å gripe inn og hjelpe når nokon er i ferd med å utvikle eit risikofylt forhold til rusmiddel.

Noreg og USA er to forskjellige land. Vi kan godt sjå til USA for å lære, men vi kan ikkje utan vidare kopiere det dei gjer.


Narkotikapolitikken engasjerer! Les flere innlegg her:

Les også

  1. Henrik Bjørøen (19): Kjære arbeidsgiver: Nei, jeg røyker ikke hasj!

  2. Norge er en narkoversting. De som sitter med ansvaret for samfunnets svakeste, har sviktet, skriver Anlov P. Mathiesen.

  3. Rus. Overdose. Akutt krise. Men så: En gyllen mulighet, skriver Odd Martin Vallersnes, lege ved Legevakten i Oslo.


Hør Aftenpodden Si ;D: Negativ leveregel: «Jeg må være godt likt av alle»

Andrea Lund (20) er én av dem som føler hun må bli likt av alle og lever etter denne leveregelen.

– Det er ikke nødvendigvis sunt, sier psykolog Aksel Inge Sinding.

Hør hvilke konstruktive råd han gir henne og andre som lever etter denne regelen.

Hør med et klikk her:

Les mer om

  1. Narkotikapolitikk
  2. Legalisering
  3. USA