Fødd i feil avdeling

  • Amalie Fure (16)
Eg håpar på meir kjønnsnøytrale avdelingar med eit godt system. Ikkje etter kjønn, men etter plagg, fargar, sesong og størrelsar, skriver debattanten.

Eg gjorde alt for å passe inn, men det funka ikkje so bra. No går eg heller i guteavdelinga.

Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes inn her.

Eg er 16 år og elskar å bruke hettegenserar, joggebukser, shorts og caps. Alle seier at det viktigaste er at eg sjølv likar det eg brukar. Likevel får eg ofte spørsmål om kleda mine, og eg føler at eg heile tida må forsvare kvifor eg brukar dei. Eg går jo i «guteklede», og eg føler stadig vekk at eg er født i feil avdeling.

Fleire gangar når eg går ut av prøveromma på butikkar, får eg høyre at det er feil avdeling, og at jente- eller dameavdelinga er på andre sida av butikken. Om eg skal gjere som folk seier og gå i det eg føler meg bra i, so er det ikkje feil at eg går i gute- eller herreavdelinga. Det som er feil, er om eg går i jenteavdelinga og kjøper klede for å passe inn blant alle andre, når eg sjølv ikkje føler meg bra i dei.

Feil sekk

På barneskulen, da eg fekk ny skulesekk, var eg alltid stolt og glad. Første skuledag i 6. klasse kom eg med ein ny kvit og blå sekk og såg ein gut med same som meg. Då kom kommentarane haglande. Det var mange som ikkje skjønte korleis eg kunne bruke den. Det var jo ein gutesekk! Eg følte alt var gale med meg. Det gjorde utruleg vondt, og eg følte meg ikkje bra nok på nokon måte.

Amalie Fure (16)

Sekken hamna i søpla, og eg gjorde alt for å passe inn. Det funka ikkje so bra. Etter kvart har eg lært at eg ikkje kjem nokon veg her i livet om eg skal klamre meg fast til den trygge og normale sona. Difor vel eg heller å gå i guteavdelinga og finne det eg kan vere meg sjølv i.

Med tida har eg lært å stoppe meir opp og minne meg sjølv på det viktigaste, som er å gjere meg sjølv fornøgd og komfortabel. Det er eg sjeldan i klesavdelinga det er forventa at eg som jente skal gå til.

Lyst på kort hår

I alle år har eg hatt lyst å klippe meg kort. Men eg har lurt på om det er verd det, fordi eg har frykta kva andre vil seie. «Jenter skal jo ikkje ha kort hår, det er jo gutete. Herregud!» Kommentarar som dette har eg møtt mange av når eg har nemnd at eg vil klippe meg kort.

12. desember i fjor fant eg ut at eg ikkje har tenkt å la det normale styre meg. Heller ikkje håret mitt. Difor klipte eg meg kort, og det har eg ikkje angra på. Eg synst at kort hår er so masse betre på alle måtar. Det kjentes bra å få det håret eg vil ha, og ikkje det håret som ofte blir forventa at ein har som jente.

Det her kjem sikkert ikkje som noka bombe, men eg har heller aldri vore fan av kjolar, skjørt og bunad. Det finst dress for jenter og damer, og i det veit eg at eg kunne vore meg sjølv. Men eg orkar ikkje alle reaksjonane det hadde ført med seg om eg hadde møtt opp i det på 17. mai. Difor har eg i alle år tenkt at det er betre å gå med bunad, sånn at andre blir fornøgde. Eg håpar at det blir meir akseptert for jenter og damer å gå i dress i framtida, slik at fleire i same båt som meg kan føle seg komfortable.

Lært frå vi er små

På grunn av reaksjonane eg møter, føler eg ofte at det noko feil med meg og at meiningane mine er heilt ute og køyrer, sidan det tydelegvis ikkje skal vere sånn som jente. Men det som er feil, er at samfunnet har utvikla seg slik at ein får dårleg samvit av å vere seg sjølv!

Heilt frå vi er små, blir vi lært opp til kva vi skal leike med, kva klede vi skal bruke og korleis ein skal oppføre seg som gut og jente. Dette gjer at det ifrå tidleg alder av kan bli vanskeleg for barna å vere seg sjølve.

Eg skjønnar godt kvifor butikkane er delt opp i gute- og jenteavdelingar. Det er jo sånn det alltid har vore, og det blir lettare å finne det ein leitar etter, når butikken er delt opp. Likevel håpar eg på meir kjønnsnøytrale avdelingar med eit godt system. Ikkje etter kjønn, men etter plagg, fargar, sesong og størrelsar.

Gått for langt

Eg skjønnar òg godt at det ikkje berre er å endre alle klesbutikkar over natta. Men samfunnet utviklar seg. Skal vi vere so likestilte som vi vil vere, meiner eg at også butikkane bør utviklast, slik at alle får same mogelegheit til å få vere seg sjølv.

Eg byrjar å bli ganske lei av at alle tråkk utanfor den trygge sona blir møtt med kommentarar, stygge blikk som det strålar fordommar ut av, og folk som skal leie deg mot det riktige. Det einaste riktige er å leve det livet DU vil leve, og ikkje det livet alle andre vil du skal leve.

I framtida håpar eg at det er mogeleg for gutar og jenter å velje sin eigen veg utan at kommentarane og fordommane kjem haglande. Eg synst det har gått altfor langt over streken når ein må forsvare kvifor ein er seg sjølv.


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.