La barn sleppe å sjå porno!
Ei aldersgrense på 18 år er ikkje umogeleg. Berre sjå til Frankrike.
5. mars hadde eg eit innlegg i Aftenposten Si ;D som tok til orde for å innføre 18-års grense på pornografi, samt å sikre ordninga med BankID-innlogging. Dette er blitt møtt med sterke reaksjonar.
Forslaget har fått støtte frå mange hald, men Framstegspartiets Ungdom (FpU) og Unge Venstre (UV) har tatt til motmæle. FpU ved Simen Velle var kritisk i Dagsnytt 18, medan Unge Venstre ved Anders Riseng Tjeldflaat fortsette debatten i Si ;D. Argumentasjonen er lik frå begge.
Intensjonen
Tjeldflaat deler Kristeleg Folkepartis synspunkt om at skaden porno påfører unge, er eit stort problem, men han viser null vilje til å gjere noko med det.
I likskap med FpU viser Tjeldflaat at han ikkje har skjønt korleis ordninga vil fungere. Han seier at innlogging via ein portal vil føre til eit «logistisk mareritt», og at tiltaket vil «dytte pornografien tilbake til de mørke hjørna av internett». Det stemmer rett og slett ikkje!
Nettlesarane har i dag effektive filter for å fange opp lenker med pornografisk innhald. Dette kjem ein seg ikkje rundt ved bruk av inkognitomodus. Det finst nokre måtar å kome seg rundt på, men mange unge vil utan tvil bli skjerma i mange år!
Intensjonen med forslaget er på ingen måte å bestemme kven som skal få sjå porno. Intensjonen er at barn på til dømes 10, 11 og 12 år skal sleppe!
Liknande løysning i Frankrike
Det er klare samanhengar mellom forbruk og tilgjengelegheit. Er tilgjengelegheita høg, då er ofte forbruket høgt òg. Det er nettopp difor porno er så utbreitt blant barn!
Nesten all porno blir sett i vanlege nettlesarar og er berre tastetrykk unna. Gjer me denne plattforma utilgjengeleg for barn, vil forbruket gå ned!
Å skylde på dei tekniske løysningane når ein seier nei til å innføre 18-årsgrense, blir for dumt! Teknologien ligg klar. Frankrike har vedtatt ein kliss lik modell, som skal innførast frå og med september!
Og til slutt: Nok ein gong blir styrka seksualundervisning og haldningsskapande arbeid sett opp som ein motsetnad til ei digital løysning. Det er det ikkje!
Å innføre BankID-innlogging vil vere eit viktig steg i riktig retning, men det skal ikkje bli ei kvilepute! KrF har kjempa for å styrke seksualundervisning i alle år - det lovar eg me skal fortsette med.
13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.
Skal du delta i kommentarfeltet?
Les kommentarfeltets ti bud først. Hold deg til saken!