SiD

Munnbind bør deles ut gratis på alle norske rådhus og helsestasjonar | Ådne Reidar Nes Kleppe

  • Ådne Reidar Nes Kleppe (21)
    Nestleder, AUFs studenter Trondheim

– Å skulle kjøpe inn munnbind i store mengder kan innebere vesentlege kostnadar for enkeltpersonar, skriver Ådne Reidar Nes Kleppe (21). Foto: Tobias Eikeland

I krisetider er det ikkje tid for å tenkje profitt, men for å tenkje fellesskap.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

For ei tid tilbake kunne vi lese om korleis ein familie på fire må ut med nærare 4000 i månaden om det skulle bli påbod med munnbind i Noreg. Prisane på munnbind har òg i dei siste vekene skote i vêret, og mellom anna kunne ein lese om at prisen for ein 50-pakning ved ein utsalsstad gjekk frå 100 til 790 kroner.

Bør gå saman om kostnadene

No har òg regjeringa og Folkehelseinstituttet kome med nye anbefalingar om munnbind for reisande på kollektivtransport i Oslo og Indre Østfold. Ved ei seinare anledning kan det geografiske området der munnbind vert anbefala, kanskje bli utvida. Berre tida vil vise.

Å skulle kjøpe inn munnbind i store mengder kan altså føre til vesentlege kostnadar for enkeltpersonar, og særskilt familiar. Eg meiner at staten og Kommune-Noreg bør gå saman for å sikre at ein slik kostnad vert dekka. Altså at munnbind, på lik linje med til dømes kondom og subsidierte p-piller, kan bli delt ut gratis.

Må tenkje fellesskap

Eg meiner at munnbind burde bli delt ut gratis på alle norske rådhus og helsestasjonar, slik at nordmenn har gode mogelegheiter til å sikre eiga helse og ikkje får ein belasta økonomisk situasjon. Den norske velferdsstaten er til for å verne om den norske befolkninga, og eg meiner at dette er eit tiltak som det offentlege Noreg bør bruke ressursane sine på.

I krisetider er det ikkje tid for å tenkje profitt, men for å tenkje fellesskap.


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


  1. Les også

    Hva skjer når livet flyttes hjem?

  2. Les også

    Hva gjør digitaliseringen med studentene? | Susanne Ulven Børsum

  3. Les også

    På sykehjem kan vi ikke holde avstand. Det kan dere. | Saga Eline Jonsson Hoff


Les mer om

  1. Munnbind
  2. Kollektivtransport
  3. Folkehelseinstituttet
  4. Familie
  5. Oslo

Relevante artikler

  1. SID

    Å hjelpe flyktningene skal aldri måtte gå på bekostning av våre eldre

  2. ØKONOMI

    Prisene har skutt i været: Foreslår munnbind på blå resept

  3. SID

    Har man glemt miljø i veispørsmålet?

  4. SID

    Det er absurd å ha eit opptakssystem som ikkje tar høgde for relevante karakterar

  5. SID

    Om kvotering får de hvite produsentene til å tenke annerledes, så kan det være veien å gå

  6. SID

    Vi må tilby gratis prevensjon til dem under 16 år