SiD

Kvifor skal det vere forbod mot nynorsk i avisene?

  • Sentralstyremedlem I Norsk Målungdom
Mange trur det er språkfred i Noreg i dag. Det er det ikkje, skriv Kine Gjertrud Svori (19).

Si ;D-innlegg: Mange trur det er språkfred i Noreg i dag. Det er det ikkje.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Dersom ein googlar "redaksjonelt forbud" med bokmålsordet "forbud", får ein opp ei rekkje ting. Det er til dømes ikkje lovleg med alkoholreklame, nazi-reklame og politisk TV-reklame.

Dersom ein googlar "redaksjonelt forbod", altså på nynorsk, får ein utelukkande resultat som handlar om eit redaksjonelt forbod mot nynorsk. Kvifor er det slik?

Les dette innlegget om nynorsk i skolen:

Les også

Noen misforståelser i sidemålsdebatten

Treng å bli eksponerte

Slik eg ser det er det slett ikkje ulogisk at alkoholreklame ikkje er greitt. Det er ingen stor hemmelegheit at det er ein del problem knytt til nettopp alkohol.

Det finst også mange logiske og openberre grunnar til eit redaksjonelt forbod mot nazi-reklame. At reklame for så krenkjande og diskriminerande politikk er forboden, er på sin plass.

Det er heller ikkje så merkeleg at ein skal unngå politisk TV-reklame, ettersom det faktisk finst reglar for kvar og når ein kan drive valkamp.

Men kvifor i alle dagar skal det finnast redaksjonelle forbod mot eit av dei to offisielle skriftspråka i eit land? Nynorsk er hovudmålet til omkring 600.000 menneske, noko som faktisk gjer nynorsk nesten dobbelt så stort som til dømes islandsk.

Over ein halv million nordmenn får ikkje høve til å lese språket sitt i riksavisene, og ingen veit kvifor.

Nynorsk er også sidemålet til omtrent 4,4 millionar menneske som sårt treng å bli eksponerte for nettopp nynorsk.

Gjennom sidemålsundervisning skal alle ha lært både bokmål og nynorsk, og det bør derfor ikkje vere noko problem å bruke begge skriftspråka på alle område i samfunnet.

Jens og Jørgen (16) spør:

Les også

Er sidemål nødvendig?

Slett ikkje sidestilt

Mange trur det er språkfred i Noreg i dag. Det er det ikkje. Som nynorskbrukar har eg ofte fått kjenne på at språket mitt slett ikkje er "sidestilt med vort offisielle Skrift— og Bogsprog", som det heiter så fint i Jamstellingsvedtaket frå 1885.

Sjølv om bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar har eit akkurat like stort behov for å møte språket sitt, blir det på ingen måte langt opp til dette i dag. Og ingen veit kvifor.

Følg Aftenposten Si;D påFacebook, Twitter og Snapchat (aft.sid)

Kine Gjertrud Svori (19)

Les mer om

  1. Språk
  2. Nynorsk