SiD

17 år og DRITunge

  • Jente (17)

Eg går kvar dag og er redd for at det skal komme noko i buksa, skriv jente (17). mapichai / Shutterstock / NTB scanpix

Si ;D-innlegg: Ingen veit det, berre familien min og legane. Eg er ei 17 år gamal jente som bæsjar seg ut.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Eg er ei jente på 17 år. Eg er pen, populær, eg snakkar med mange kjekke gutar, har mange venner og får lett fleire. Familien min er heilt fantastisk, vi har god råd og eg er oppdratt godt.

Eg får alt eg treng for å leve eit bra liv. Livet mitt er ganske perfekt. Er ikkje du einig? Eg vil i alle fall gjette at det er bildet du får av meg om du blir «kjent» med meg.

Det som ingen får vite noko om, er at eg er delvis funksjonshemma.

Nei, eg sit ikkje i rullestol.

Nei, eg brukar ikkje krykker.

Ja, eg ser ut som ei heilt vanleg jente som berre har luksusproblem. Dessverre er det ikkje slik.

Redd kvar dag

Eg er nemleg fødd med ein nevrologisk sjukdom som gjer livet mitt langt i frå perfekt.

Eg bæsjar meg ut. Eg er ei 17 år gamal jente som bæsjar seg ut.

Ingen veit det, berre familien min og legane som har følgd meg opp sidan eg var lita. Eg seier det ikkje til nokon. Dei fleste held nok eit tema som dette for seg sjølv.

Eg går kvar dag og er redd for at det skal komme noko i buksa. Det har hendt før og kan lett hende igjen.

Eg er redd for å vere i aktivitet, eg må nokon gonger fra heim frå gymtimane. Eg tør ikkje alltid å dra på besøk. Eg blir ofte heime fordi tarmane er ekstra dårleg den dagen.

Eg gruar meg til å gå på jobb i tilfelle det skulle skje noko der og eg ikkje kan dra heim. Eg føler tarmane mine er ei tikkande bombe.

Positivt og negativt

Du kan prøve å tenkje deg korleis det er for ei 17 år gammal jente som vil vere med gutar, dra på fest, henge med venner, gjere alt andre på sin alder gjer, når ein går rundt og er redd for at det skal komme noko i buksa.

Det er ikkje så artig å måtte si nei til å vere med på ting med venner, eller å måtte dra heim frå skulen fordi magen hadde ein dårleg dag.

Les også

Alle har det, likevel er det tabu. Tør du å snakke om tarm?

Ingen kan vite at eg slit med desse tinga. Det er både positivt og negativt. På ein måte kan eg vere den eg vil vere. Ingen treng å vite at eg er annleis. Ingen tenkjer at eg er ekkel.

På den andre sida er det tungt. Eg må gå rundt å bære på noko, medan eg prøver å skjule det så mykje som mogeleg. Eg tenkjer nokon gonger at det hadde vore lettare om folk visste. Då hadde eg ikkje trengt å vere redd for at nokon skal stikke dersom dei får vite om sjukdommen.

Perfekt liv på utsida – ganske DRIT på innsida.

Aftenposten kjenner skribentens identitet.


Under 21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


Les mer om

  1. Si ;D
  2. Helse
  3. Ungdom

Si ;D

  1. SID

    Mamma har fått kreft. Men dette er ikke et trist innlegg

  2. SID

    I desember er vi omtenksomme. Så kommer det nye året, og vi blir selvsentrerte igjen

  3. SID

    Jeg har vært klimaaktivist i seks år, men aldri vært så provosert som nå

  4. SID

    I Brasil lærer jeg mer om feminisme enn jeg gjorde på skolebenken

  5. SID

    De nye klesreglene til SATS er ikke krenkende. Å trene i magetopp er ingen menneskerett.

  6. SID

    Slangebitt er en glemt helsekrise det må snakkes mer om