SiD

EU-opprør er viktigare enn klimabrøl

  • Elias Eide (20)
    Elias Eide (20)
    Sivilingeniørstudent og leder i Sogn og Fjordane Unge Høyre
Ettersom vi er meir avhengig av EU, enn EU er av oss, har vi eit svakt forhandlingskort, skriv Elias Eide (20).

No er det på tide at unge hevar stemma for europeisk samarbeid!

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Årets valkamp var i liten grad prega av ein EU-debatt. Likevel har vi fått ei regjering beståande av Senterpartiet, som er kraftig motstandar av europeisk samarbeid. Det bør bekymre unge.

Noreg er som kjend EØS-medlem. Berre Island og Liechtenstein er det same. Avtalen sikrar oss tilgang på EUs indre marknad og har skapt store verdiar for oss, men den er grunnleggande udemokratisk.

Eit svakt forhandlingskort

Vi blir underlagt lovar og reglar som vi ikkje er med på å forme ut. Ettersom vi er meir avhengig av EU, enn EU er av oss, har vi eit svakt forhandlingskort. Truleg svakare enn for 25 år sidan. Det kjem nok til å bli endå svakare framover ettersom oljeinntektene fell. Difor har vi ingen tid å miste!

Elias Eide (20), sivilingeniørstudent og leder i Sogn og Fjordane Unge Høyre.

Valkampen på Island hadde innslag av EU-debatt. Venstresida der, er i motsetnad til her i landet, positive til EU. Hadde Island gått inn i EU, ville det vore dårleg nytt for EØS-avtalen. Likevel er det ingen som verkar bekymra i Noreg – vi tar samarbeidet for gitt.

Stort paradoks

Dei klassiske argumenta for eit fullverdig medlemskap er kjende, men det er også mange nye. Det viktigaste er klima.

Berre det i seg sjølv burde vere nok til å sette seg på første fly til Brussel for å levere inn medlemssøknaden. Diverre er det for litt for mange parti viktigare å vere mot EU enn å vere for ein god klimapolitikk.

Den siste tida har alle verdas auge vore retta mot Glasgow og klimatoppmøtet. Her var alle verdas leiarar samla for å finne felles løysingar på klimakrisa.

Alle er einige at samarbeid må til for å nå utsleppsmåla. Difor er det eit stort paradoks at dei same politikarane frå vesle Noreg stiller seg negative til eit forpliktande europeisk samarbeid.

Det er veldig enkelt å seie kva ein er mot, men då må ein også seie kva ein er for. Den nye regjeringa seier nei til kraftutveksling, jernbanesamarbeid og forpliktande klimasamarbeid. Kva seier dei ja til?

Unge har brøla for klima, no må vi brøle for EU!


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.

💬 Skal du delta i kommentarfeltet?

Les kommentarfeltets ti bud først. Hold deg saklig!

Les mer om

  1. EU
  2. Klima