SiD

Vi treng gratis angrepiller overalt

  • Gutt (16)
Om ikkje angrepilla endar opp med å bli gratis, burde ho bli mykje billigare, mener gutt (16).

Det skal ikkje vere slik at ei kvinne må ta abort fordi angrepilla er for dyr.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Mange har sex. Dei med kjærast og dei utan kjærast. Sjølv om ein brukar kondom eller ei anna form for prevensjon, er ein ikkje sikra frå å kunne bli gravid. Kva skal dei som ikkje har råd til ei angrepille, gjere då?

Angrepille kan kjøpast overalt. På apoteket, i butikkar og på bensinstasjonar. Du kan òg få tak i dei på helsestasjonar rundt om i landet viss det er tilgjengeleg. Det einaste problemet med angrepilla er at ho er veldig dyr. Den sikraste angrepilla kostar 304,90 kroner på Vitusapotek.

Prisen er sjokkerande, og mange har ikkje råd til ho. Kvifor skal det vere slik? Om ikkje angrepilla endar opp med å bli gratis, burde ho bli mykje billigare.

I Noreg er abort gratis. Det kostar ikkje noko for ei som er gravid å ta abort, men for staten er det dyrt å arrangere ein abortoperasjon. Dei som er til stades, blant anna kirurgane og operasjonssjukepleiarane, skal jo få betalt for arbeidet dei gjer. Det vil vere ei enklare økonomisk løysing for staten å senke prisane på nødprevensjonen.

Det skal ikkje vere slik at ei kvinne fyrst må bli gravid og ta abort fordi angrepilla er for dyr.

Eg opplevde sjølv den situasjonen der me hadde behov for nødprevensjon. Det er veldig stressande når butikkar og bensinstasjonar har 18-årsgrense på angrepille. Barn enda yngre enn meg burde absolutt ha mogelegheita til å kunne forhindre graviditet.

Prisen burde absolutt senkast, og på helsestasjonar burde nødprevensjon vere gratis for alle. Ja til gratis angrepille.


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.

Les mer om

  1. Abort
  2. Prevensjon