SiD

Eg er lei av å bli avvist med kommentaren «eg trur eigentleg me er ganske einige» | Mai Lene Fløysvik Hæåk

  • Mai Lene Fløysvik Hæåk (20), Direktevalt landsstyremedlem i KrFU

Kvifor skal ikkje mine argument bli møtt med motargument? spør Mai Lene Fløysvik Hæåk (20). Foto: Rudie Strummer / Shutterstock / NTB Scanpix

Si ;D-innlegg: Det kjennest på mange måtar ut som ein hersketeknikk.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Viss eg uttrykker at eg er ueinig med nokon, er det ikkje sjeldan eg får denne kommentaren tilbake: «Eigentleg trur eg me er ganske einige».

Dette er ein useriøs måte å imøtegå mine argument på.

«Har lest. For meg ser det ut som om vi er ganske enige», skreiv ein politisk kommentator til meg på Twitter ein gong.

Tidlegare same dag hadde eg kommentert eit innlegg han la ut, der eg uttrykte at eg var ueinig i ein god del av det han skreiv. Kommentaren min var lang og gjennomarbeida, og eg brukte ganske lang tid på å skrive den i håp om at han skulle svare på argumenta mine.

Då var det frustrerande å få tilbake at «for meg ser det ut som om vi er ganske enige».

Eg kan framleis ikkje forstå korleis ei slik tolking er mogleg.

Føler meg mindreverdig

Seinare har eg opplevd det fleire gonger, og eg har begynt å merke det meir enn før når folk reagerer slik på det eg seier. Det er ikkje sjeldan at kommentaren «me er eigentleg einige, eg og du» blir følgt opp med ei forklaring på kva eg har misforstått.

Det er som om dei tenkjer at berre dei får forklart meg kva ei sak eigentleg handlar om, så vil eg opne auga og forstå at eg eigentleg er einig med dei.

Resultatet blir at eg føler meg som ein mindreverdig debattant som ikkje har rett til å kome med eigne argument.

Eg forstår det kan vere lett å svare slik på eit argument. Dårleg tid eller lite interesse for saka kan gjere det til ein enkel utveg.

Dette gjer det likevel ikkje betre for den som har prøvd å kome med gode argument og vil vere med i diskusjonen.

Kjenner på motvilje

Å få høyre at eg eigentleg er einig med nokon, når det er veldig tydeleg for meg at eg ikkje er det, kjennes på mange måtar ut som ein hersketeknikk.

Når dei i tillegg vil forklare meg kvifor me eigentleg er einige, kjenner eg på ein endå større motvilje.

Kvifor skal ikkje mine argument bli møtt med motargument? Kvifor trur dei at dei kan forklare meg kvifor eg er einig med dei?

Når personar av eigen fri vilje melder seg på i den offentlege debatten, skuldar me dei å behandle dei som likeverdige debattantar med gode argument.

Ingen debattantar vil bli møtt med påstandar om falsk einigheit

Gode argument skal igjen møtast med gode motargument. Ingen debattantar vil bli møtt med påstandar om falsk einigheit eller at dei ikkje forstår saka.

Alle som er med i den offentlege debatten, har eit ansvar for å unngå slike hersketeknikkar.


Les også

  1. ABC i hersketeknikk

  2. Sårede følelser som hersketeknikk

  3. Børning-regissøren: «Å definere kvalitet er elitens hersketeknikk»


Podkast: «Jeg må være godt likt av alle»

Andrea Lund (20) er én av dem som føler hun må bli likt av alle og lever etter denne leveregelen.

– Det er ikke nødvendigvis sunt, sier psykolog Aksel Inge Sinding.

Hør hvilke konstruktive råd han gir henne og andre som lever etter denne regelen.

Les mer om

  1. Politikk
  2. Retorikk