SiD

Helse-Noreg diskriminerer homofile som vil gi blod | Nikolai Krohne

  • Nikolai Krohne (18 år)

Loven om blodgjeving høyrer til på 80-talet. I dag har vi nok medisinsk kompetanse til at alle kan få gi blod, skriv Nikolai Krohne (18). EsHanPhot / Shutterstock / NTB scanpix

Si ;D-innlegg: Gleda over å verte 18 forsvann da eg ringde blodbanken og ville gi blod.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Eg hadde gledd meg lenge til 18-årsdagen min. Nett slik som dei fleste andre ungdomar. Det skulle verte godt å få lov til å ha eit endå betre argument for å bestemme meir over meg sjølv.

Eg kunne byrje take opp lån, få tilgang til sparekontoen, drikke alkohol, røyste ved val eller rett og slett berre sleppe å få ein «elektronisk signatur» kvar einaste gong noko halvviktig skulle verte fastsett. Men noko av det eg hadde gledd meg aller mest til ved å verte 18, det var noko eg framleis ikkje fekk lov til å gjere.

Privat

Friskt blod

Venane mine var ikkje i nærleiken av like interesserte, men dei fekk lov alle mann. Det var berre eg som ikkje fekk lov til dette. Eg fekk ikkje lov til å gjeve blod.

Heilt sidan eg var liten, har eg syntest at blodgjeving har verka umåteleg interessant. Eg synest oppriktig det er noko av det finaste ein kan gjere. Med ditt blod kan du redde opp til tre menneskeliv så lenge du er frisk og rask, men det er eg jo?

Sjølv om eg ikkje har ein einaste smittsam sjukdom eg går rundt og ber på, så får eg ikkje lov til å gi blod. Dette høyrest kanskje rart ut for mange, og eg vart også overraska då eg ringde blodbanken på bursdagen min i år og fekk dette kasta rett i fleisen. Myndigheitene lèt meg ikkje gi blod, fordi dei meiner at det er ein mykje større sjanse for at eg eigentleg ber på ein sjukdom, som tilsynelatande alle andre er immune mot.

Homofili og HIV

Denne sjukdomen er HIV. Humant immunsviktvirus er ikkje noko å tulle med, men det ein kan tulle med, er fordommar.

Fram til no verkar eg som ein heilt vanleg 18-årig gut, men så kjem plutseleg legning inn i biletet. Ein mann som har hatt sex med ein mann det siste året, har ikkje lov til å gi blod. Ei dame har heller ikkje lov til å gi blod innan eit halvt år etter at ho har hatt sex med ein mann som har hatt sex med ein mann. Den sistnemnde regelen er eigentleg berre den same regelen som gjeld ved vanleg partnarskifte uansett, så han er på mange måtar ikkje-teljande. Alle må vente eit halvt år etter å ha hatt sex med ein ny partnar.

No som legninga mi au må takast omsyn til, så ser du kanskje på meg som ein trugsel, og ifølgje myndigheitene har du heilt rett i det. Eg skjønar at ein har ein karantene på seks månader etter partnarskifte, på grunn av kjønnssjukdomar, men kvifor får eg anten ein dobla karantene eller vert heilt utelukka viss partnaren vert fast?

Les også

Homofiles frigjøringskamp bør ikke føres i blodbanken | Preben Aavitsland

Diskriminering

Ein kan seie at HIV-viruset ikkje kjem opp på HIV-testane i fall smitteoverføringa skjedde nyleg, men då hadde jo ein halvtårskarantene vore nok. Då hadde me også stilt på lik linje med heterofile par.

I dag kan ein mann kan liggje med to hundre damer i løpet av eitt år, vente eit halvt år, så har han full mogelegheit til å gi blod. Men viss eg får ein fast kjærast, får eg aldri gi blod att. Det at Helse-Noreg framleis held ved desse gamle rutinane, er heilt uhøyrd.

Les også

Motsvar til «Homofiles frigjøringskamp bør ikke føres i blodbanken» | Jon Ole Whist

Ny tid, ny lov

Det at det kanskje sit ein usikker 14 år gammal gut der ute og finn ut av dette, og kryp inn att i skapet han var på så god veg ut av, gjer meg uhorveleg trist. Diskriminering som dette er ikkje noko eg ynskjer i Noreg i 2018.

Under ein HIV-epidemi med mindre medisinsk kompetanse på 80-talet var kanskje dette naudsynt og argumenta framleis gode, men tidene endrar seg, og då tykkjer eg at lovene bør gjere det same.


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


Les mer om

  1. Diskriminering
  2. Seksualitet
  3. Blodgivning

Relevante artikler

  1. LANGRENN

    Sjur Røthe er glad han ikkje lytta til dei mørke tankane sist vinter

  2. FOTBALL

    I ei lita bygd på Sotra vaks dei opp 50 meter frå kvarandre. I helga skal begge spele cupfinale.

  3. SID

    Krev svar på spørsmåla frå politikarane!

  4. SID

    Flyktningane fortener ein trygg stad å vere

  5. FOTBALL

    Nevstad gir seg etter 30 år: - Ei tung avgjersle å ta

  6. SID

    Einsemd er vanskeleg å sjå. På dagar som 17. mai må vi vere ekstra merksame.