SiD

Streiken går ut over oss elevar

  • Nora Giske Bjørkedal
    19 år
  • Olivia Løken
    18 år

Streiken kjem på eit veldig ubeleileg tidspunkt for oss elevar, skriv Olivia Løken (18) og Nora Giske Bjørkedal (19). Foto: Torstein Bøe / NTB

Kvifor skal dette gå ut over oss?

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Det er streik blant Unio-medlemmer over helie landet. Dette medfører at om lag 7800 tilsette innan helsesektoren, utdanningssektoren, barnehagar og andre kommunale tenester ikkje møter til arbeid.

Som avgangselevar ved vidaregåande skule står vi i ein vanskeleg situasjon der vi risikerer å stå utan standpunktkarakterar. I så fall vil halvårsvurderinga vere gjeldande framfor karakterane vi har jobba for gjennom våren.

Dette kan medføre at ein stor prosentdel av avgangselevane vil oppleve å gå betrakteleg ned i karaktergjennomsnitt, der haustens karaktersetjing verken speglar kompetansen eller innsatsen som eleven har vist gjennom heile skuleåret.

Ubeleilig tidspunkt

I det tilfelle at haustens karakterar vert gjeldande, vil konsekvensen vere at mange elevar ikkje kjem inn på den høgare utdanninga dei har søkt seg til.

Vi har stor forståing for situasjonen dei streikande står i, og vi ser viktigheita av at krava som vert stilt, vert møtt. Det siste året har det vore tydeleg for alle at både lærarar, sjukepleiarar, barnehagelærerar mfl., har ei samfunnskritisk rolle.

Dermed kan ein ha forståing for at tida er inne for at den kompetansen og utdanninga også anerkjennast lønnsmessig.

Til tross for dette synst vi at streiken kjem på eit veldig ubeleileg tidspunkt for oss elevar. At vi, som ikkje har ein aktiv del i denne konflikta, vert brukt som pressmiddel for å oppnå resultat, opplevast som umåteleg urettferdig. Dette går utover vår framtid.

Arbeidet kjennast forgjeves

Vi meiner at vi har rett til at dei endelege standpunktkarakterar våre skal spegle den kompetansen vi har vist og jobba for gjennom heile året, og ikkje berre ein brøkdel av den.

Dette synet støttast av forskrift til opplæringslova §3.15, som seier at ein standpunktkarakter «skal gi uttrykk for den samla kompetansen eleven har i faget ved avslutninga av opplæringa.»

Det er eit faktum at det siste halvåret er ein periode der mange set inn siste støt for å oppnå best mogleg resultat. Ingen kunne forutsjå at vi no skulle finne oss i denne situasjonen, der alt arbeidet kjennast forgjeves.

Å gå ut av vidaregåande utan dei rette standpunktkarakterane er øydeleggjande, og det gjer at arbeidet som er blitt lagt ned, følast bortkasta.

Vår framtid

Vi har eit sterkt ønske om at partane i konflikta skal kome til einigheit så raskt som råd, slik at våre faglærarar får moglegheit til å setje dei rette standpunktkarakterane før fristen fredag 4. juni.

Vi ser også at skuleeigar og skuleleiarar strekkjer seg langt for å gi elevane eit rettferdig og breitt vurderingsgrunnlag. Dersom vi ikkje får det rette karaktergrunnlaget og dei rette standpunktkarakterane, vil dette føre til ytterlegare dårlege konkurransevilkår enn det koronasituasjonen allereie har bidratt med.

Vi ber om forståing for at dette handlar om framtida vår. Kvifor skal dette gå utover oss?


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


💬 Skal du delta i kommentarfeltet?

Les kommentarfeltets ti bud først.

Les mer om

  1. Streik
  2. Utdanning