SiD

Ja, eg snakkar annleis. Ikkje lat som om du forstår meg om du møter meg. | Marie Mannes

  • Marie Mannes (18)
Av og til så er noko av det eg seier faktisk bra, det hadde vore kjekt dersom nokon kunne fått det med seg, skriv Marie Mannes (18).

Si ;D-innlegg: Det er så mange som har løpsk tale som ikkje er klar over det. Å få hjelp av logoped kan hjelpe så mykje.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

HeiehetteMarieMannsogegløpsktale.

Var det behageleg å lese? Det er sånn eg snakkar heile døgnet. Ok, no overdriv eg kanskje ein smule, men eg snakkar så fort rimeleg ofte.

Eg har den lite kjente talefeilen «løpsk tale». Når eg forklarar folk kva det er, seier eg at det er som stamming, berre omvendt.

Orda «spring» ifrå meg. Eg har alltid vore ei jente som snakkar mykje. Heilt sidan eg var ein liten knott har det vore veldig lite stille frå meg. Eg byrja å snakke veldig seint, eller rettare sagt, folk begynte å forstå meg ganske seint, men det brydde sjølvsagt ikkje eg meg om.

Om folk forstod meg eller ikkje hadde absolutt ingenting å seie. Eg heldt fram å bable, og slutta aldri.

Ofte ikkje klar over det

Folk rundt meg er ofte ikkje klar over at eg faktisk har ein talefeil. Dei tenkjer ikkje over at det faktisk er ein grunn til det, berre at eg snakkar fort, at eg er engasjert.

Det kan sjølvsagt ha sine fordelar, men ofte er ikkje det tilfellet. Eg er politisk aktiv samtidig som eg jobbar som frilansar som journalist, og prøver å bli videojournalist. Begge dei to yrka krev til ein viss grad å kunne bli forstått.

Det er så mange som har løpsk tale som ikkje er klar over det

I alle fall bør ikkje personen som har tale og snakkar om miljø, klare å gløyme ordet miljø.

Skaff hjelp!

Dette er sjølvsagt irriterande, men det som er meir irriterande var at eg gjekk i 15 år utan å vere klar over at det var eit faktisk problem, at det var ein grunn til at eg var slik.

Det er så mange som har løpsk tale som ikkje er klar over det. Å få hjelp av logoped kan hjelpe så mykje.

Marie Mannes (18)

Ved å vere klar over det klarer eg å snakke litt betre, slik at eg blir forstått.

Eg klarer ikkje dette i lengre periodar, men eg veit no korleis eg kan endra hastigheita, fullføre setningar, og gjere meg forstått, sjølv om det berre gjelder ein av ti samtaler.

Fortvilande ikke å bli forstått

Eg er også veldig vant med at ingen gir beskjed, av rein høflegheit.

Du kan tenkje deg kor fortvilande det er når du snakkar med lege, framtidig venn, lærar eller nokon andre, og du ser blikket i augo deira.

Ein av dei få måtane å få meg stum er å gjere det. Ved å late som om du forstår meg

Det blikket alle får når dei ikkje forstår kva du seier, men våger ikkje gi beskjed.

Ein av dei få måtane å få meg stum er å gjere det. Ved å late som om du forstår meg, når eg veit at du ikkje kjem til å reagere uansett kva eg seier. Så dersom du møter meg på gata og ikkje forstår eit ord av kva eg seier – gi beskjed.

Det hjelper verken meg eller deg at du ikkje anar kva eg har sagt etter at samtalen er over.

Av og til så er noko av det eg seier faktisk bra, det hadde vore kjekt dersom nokon kunne fått det med seg.


Marie Mannes delte mer av sitt liv med løpsk tale i ukens temasak:

Les også

Marie (18) har mye på hjertet, men alt for ofte blir hun ikke forstått.

Her kan du lese mer omkring dette temaet:

Les også

  1. Lars får hjelp mot stamming

  2. Flere søker spesialpedag


Hør den nyeste episoden av Aftenpodden Si ;D:

Tre hijab-debattanter svarer på kommentarene under innleggene sine.

Les også

Her kan du høre alle Si ;D-podkastene!


Slik blir du podkast-abonnent:

— For iTunes: Trykk her

— Android eller annen telefon? Søk på Si ;D i din podkast-app.

— Soundcloud: Trykk her

Les mer om

  1. Spesialpedagogikk
  2. Kommunikasjon