SiD

Cooper-testen burde fjernast frå skulen | Hennie Norby Wien (14)

  • Hennie Norby Wien (14)

Cooper-testen burde vere frivillig, skriv debattanten. Surkov Dimitri / Shutterstock

Si ;D-innlegg: Fysiske testar i gymtimen gjer ikkje meir enn å øydeleggje sjølvbiletet til unge.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

«Spring så fort du kan i 12 minutt rundt ei 400 meter lang bane!»

Slik lyder instruksjonane ein får før den berykta Cooper-testen. Skjelvande bein varmar opp, uvissa heng i lufta, og nervøse blikk blir veksla fram og tilbake.

Inni kvart hovud straumar det tusenvis av tankar.

Korleis kjem det til å gå? Kva vil skje etterpå? Kva kjem dei andre til å tenkje?

Mistar sjølvtillit

Cooper-testen finst på mange skular i Noreg. Det synst eg ikkje er greit. Å ta fysiske testar av barn og ungdom gjer ikkje meir enn å øydeleggje fleire sjølvbilete.

Dessverre er det berre elevane som skjønner det.

Lærarane veit ikkje korleis det er å stå på ein startstrek og vere usikker på seg sjølv. Dei veit ikkje korleis det er ikkje å få til det ein ønskjer. Dei veit ikkje korleis det er å vere nervøs for å seie resultatet.

Når ein tar Cooper-testen, startar alle elevane med ulikt grunnlag og ulik frykt

Når ein tar Cooper-testen, startar alle elevane med ulikt grunnlag og ulik frykt. Dei som trenar fleire gongar i veka og er i god fysisk form, kan føle eit enormt prestasjonspress for å prestere sitt yttarste.

Dei som trenar sjeldan kan derimot føle eit anna press.

Om ein hamnar bak fysisk, kan ein oppleve at mange andre er betre enn ein sjølv og dermed miste mykje sjølvtillit.

Har eigen tabell

Cooper-testen vurderer rett og slett ikkje læring. Heile poenget med karakterar er jo å sjå kva ein har lært, og det gjeld også gymkarakteren.

Det burde også gå på innsats.

Cooper-testen dukkar ofte opp uventa i gymtimen på mange skular, og den har ein tabell som viser kor langt ein må springe for å få toppkarakter.

Denne tabellen er ikkje så oppmuntrande. Sjølv om ein føler ein gjer det bra på Cooper-testen, kan tabellen vise karakter 2.

Sjølv om ein føler ein gjer det bra på Cooper-testen, kan tabellen vise karakter 2

Det viktigaste i dei flestes liv er ikkje ferdigheita til å springe rundt ei bane så fort ein kan i 12 minutt! Det finst mange mykje viktigare ting.

Testen var opphavleg laga av Kenneth H. Cooper og meint for å teste kondisjonen til den amerikanske hæren. Difor ser eg ingen poeng med at ungdomsskuleelevar blir tvinga til å ta den.

Sjølv om det er viktig at lærarane ynskjer ein generasjon full av fysisk aktivitet, er dette heilt feil måte å gjere det på.

Cooper-testen burde vere frivillig, og passar mykje betre til individuell trening eller idrettslag, enn på skulen.

Derfor ynskjer eg at lærarar og høgare myndigheiter skal fikse opp i dette. Kutt ut fysiske testar, dei hjelper ikkje.


Flere skriver til Si ;D om kroppsøving:


Podkast: #SK2016 og kroppspress

Kroppspresset, forventningen om å være tynnest, sterkest, sprekest, dominerer hverdagen til omtrent alle i dag. Hvordan kan vi unngå det? Vi diskuterer!

Gjester:

Debattant Mathilde Vig (17), psykologkandidat Jørgen Flor og Margrete Bjørge Katanasho, påtroppende politisk nestleder i Redd Barnas ungdomsorganisasjon Press.

Hør den med ett klikk her:


Les mer om

  1. Kropp
  2. Trening
  3. Kroppspress
  4. Ungdom
  5. Generasjon prestasjon
  6. Skole og utdanning

Relevante artikler

  1. SID

    Cooper-testen burde vere frivillig i gymtimen

  2. SID

    Klassekameratane mine ba meg ta livet mitt. No veit eg kva som kan stoppe mobbinga

  3. DEBATT

    Nynorskfaget må ut

  4. SID

    Svarer Dordi Lerum (17): Dei nye læreplanane lyftar sidemål

  5. SID

    Det vert ikkje betre om me held skattelistene hemmeleg

  6. SID

    Eg er glad for at eg fekk lære menneskehistoria gradvis. Ellers hadde eg nok vore eit redd og usikkert barn