SiD

Vedum dyrkar bygdedyret

  • Elias Eide
    Elias Eide
    Ungdomskandidat, Sogn og Fjordane Høgre
Er Trygve Slagsvold Vedum redd for å snakke opp distriktene? spør Elias Eide.

Politikk handlar om framtida. Kvifor snakkar vi så mykje om fortida?

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Trygve Slagsvold Vedum og Senterpartiet er no på friarferd i Distrikts-Noreg. Han pratar høgt og lågt om kor forferdeleg tilstanden er etter åtte år med Erna Solberg som statsminister. Problemet er at eg ikkje kjenner meg att i historia hans.

På mange måtar skulle eg vore ein typisk Senterparti-veljar. Eg er odelsgut og oppvaksen på ein liten tettstad i Sogn og Fjordane der kring 60 prosent røysta på Senterpartiet ved førre val.

Mot alle odds hamna eg på andre sida av streken.

Det Vedum ikkje fortel

Denne veka dukka Vedum opp i mine heimtrakter for å sanke røyster. Og det ikkje utan grunn. Med på lasset er drøssevis av valkamplovnader om alt som skal reverserast. Det er tydelegvis veldig lett å seie kva ein er i mot, men då burde det vere like lett å seie kva ein er for.

Bygde-Noreg går så det grin. Næringslivet går så det susar og har store vyar for framtida, det blir bygd rekordmykje infrastruktur, og optimismen blant folk er stor.

I Sogn og Fjordane opplever vi no ein «baby-boom» etter pandemien med nesten 40 prosent fleire fødslar enn året før. Denne forteljinga høyrer vi aldri Vedum fortelje. Er han redd for å snakke opp distrikta?

Politikk om framtida

Vi vel politikarar som skal styre for dei neste åra, og som vil bli førebilete for neste generasjons politikarar. Difor er det uverkeleg at vi snakkar så mykje om fortida og kva vi er mot. Dei einaste som tener på alle omkampane som Senterpartiet tek til orde for, er fakkelfabrikkane. Men så lenge det finst fakkelfabrikkar i heile Noreg, er vel Senterpartiet nøgde.

Vedum er ekspert i å sette by og land opp mot kvarandre. Som bygdegut frå Senterparti-land har eg tenkt mykje på kor desse motsetnadane kjem frå.

Eg finn ingen kaffi-latte-drikkande Oslofolk som hatar Bygde-Noreg

I sommar har eg vore så heldig å fått jobba på Stortinget. Eg har leita etter Trygves verste fiende: desse bygdefiendtlege byfolka. Men etter å ha leita heile sommaren finn eg ingen.

Eg finn ingen kaffi latte-drikkande Oslo-folk som hatar Bygde-Noreg. Dei finst ikkje. Det som finst, er hyggelege folk som har ein enorm respekt for distrikts-Noreg og det som skjer der. Folk som verkeleg vil at heile landet skal lukkast.

Blir hengande etter

Tilbake til Vedum si friarferd. Der blir det prata om papirflyttarane i direktorata, dyre byvekstavtalar og politikarar på Stortinget som berre bryr seg det som skjer innanfor ring 3. Bygdedyret elskar det det høyrer.

No er bygdeguten heime etter ein sommar i hovudstaden. Med på lasset er mange nye erfaringar, men kanskje størst av alt eit håp om å få kome tilbake. Med eitt mål: å vise bygdedyret rundt på Stortinget, slik at det kan kvitte seg med alle fordommane.

Årets val vil på mange måtar bli historisk. Eg håpar vi kan opne ei ny side i historieboka i staden for å skrive av den førre. For den som ikkje ser framover, blir hengande etter. Eller kanskje den berre blir sitjande att og le ...


13–21 år? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Her kan du lese meir om å sende inn innlegg til oss.


Les også

  1. Vedums plan: Vil lage oljepolitikk med Høyre og reversere Høyre-reformer med SV.

  2. Retorikkeksperter: Derfor er venstresiden og Sp i vinden

  3. Kommentator Andreas Slettholm: Et forsiktig forsøk på å jekke ned Senterpartiet

💬 Skal du delta i kommentarfeltet?

Les kommentarfeltets ti bud først. Hold deg saklig!

Les mer om

  1. Trygve Slagsvold Vedum
  2. Senterpartiet (Sp)