Kroppspress svartmaler verkelegheita fullstendig

Eg har ikkje tenkt å sitje på gamleheimen å angre på at eg ikkje brukte livet til å leve. Lev for å leve, ikkje for å prestere, skriv Amalie Fure (17).

Det same gjer skulepresset. Og anna press. Vi er nødt til å gje meir f**n.

Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes inn her.

Som ungdom kan ein kjenne på mykje som pressar på ifrå alle kantar. Til slutt kan det bli so trongt at ein ikkje lenger ser kor det er plass til å vere seg sjølv.

Skulen skal vere ein plass for alle. For læring, utvikling og forståing, både fagleg og sosialt. Det burde også vere ein plass for alle til å dyrke interesser, eigenskapar og meistringsfølelse.

For mange er det langt ifrå ein sjølvfølgje. Det blir ein plass for å kave seg gjennom prøver, lekser, karakterar, forventningar og krav. Ballen byrjar å rulle, og det blir fort mykje meir enn berre press.

Gjer alt for å levere

Fram til sjuande klasse følte eg at eg var på skulen for å lære. Då karakterar kom inn i biletet, følte eg at eg var på skulen for å vite kor eg låg mellom mislykka og vellukka. Om ein visste kor langt enkelte går for å levere på alle punkter, trur eg at det ville vore lettare å forstå oss elevar.

Då karakterar kom inn i biletet, følte eg at eg var på skulen for å vite kor eg låg mellom mislykka og vellukka

Studiar viser at unge får for lite søvn. Ofte er det ein sjølvfølgje at grunnen er dataspel og energidrikk til klokka to på natta. Eg er eining i at det kan vere en utfordring. Men i fleire tilfelle er det faktisk skule, ikkje dataspel, som er grunnen til at ein sovnar på pulten og har energidrikk i timane.

Studiar viser også bekymring for ein veksande pillekultur, der utslitne unge prøver å takle kvardagen. Når eg ser kva unge gjer for å levere i alle retningar, lurer eg på om det er elevane eller prestasjonane som faktisk betyr noko.

Vere oss sjølv

Folk er blitt hjernevaska før, og når det kjem til press, meiner eg vi er der igjen. Plastisk kirurgi, bilderedigeringsappar, filter, retusjering, slankepiller, reklamar og artiklar for å oppnå draumekroppen og dei perfekte øvingane for magefeittet. Eit kroppsideal som svartmaler verkelegheita fullstendig.

Eg vil påstå at «røyken» frå press øydelegg oss like mykje som røyken frå tobakk

Først lærer vi at vi er «bra nok som den vi er». Så møter vi eit ideal som fortel oss at prisen for å nå det nivået, er so høg at berre dei færraste har råd til å betale den.

Mellom anna sjukepleiar Christine Wisløff er bekymra for kor langt enkelte tøyer strikken for draumekroppen.

Det er på tide at vi lærer kvarandre å vere oss sjølv, framfor «bra nok».

Det er blitt eit press utan grenser. Eg vil påstå at «røyken» frå press øydelegg oss like mykje som røyken frå tobakk.

Lev for å leve, ikkje prestere

Eg har fått veldig god hjelp dei siste åra av både psykisk helsetjeneste og skule. Her har alle noko å lære. For å kome seg gjennom skulen er det vesentleg å ta vare på meir enn berre karakterar. So eg håpa at eit godt apparat mellom skule og psyisk helsetjeneste blir prioritert overalt.

Les også

Les også dette innlegget av Amalie Fure: Fødd i feil avdeling

Eg håpar også at samfunnet kan gjere det 100 prosent innanfor å kjenne på følelsen av å «gje faen». I skule, i sosiale medier, i å vere bra nok og i alt anna enn ein sjølv. Faktisk å prioritere seg sjølv skal godt gjerast om ein óg vil å halde seg på vegen i dagens prestasjonsrace.

Når dette racet eller andre årsaker gjer at begeret renner over, blir ein ofte oppfordra til å be om hjelp. Hjelp du treng no, men kan først få det om eit halvt år. Viss du er heldig. Og mange av dei som faktisk gir f**, gir f** i seg sjølv.

Eg har ikkje tenkt å sitje på gamleheimen å angre på at eg ikkje brukte livet til å leve. Det bør ikkje du heller. Gje f** og lev for å leve, ikkje prestere.


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.

�� Skal du delta i kommentarfeltet?

Les kommentarfeltets ti bud først. Hold deg saklig!