SiD

I dag er eg ikkje stolt av å vere norsk | Ida Johanne Aadland

  • Ida Johanne Aadland (19)

Samstundes som du les dette, sit livredde ungdomar og ventar på å bli sendt ut av Noreg, skriv debattanten. Biletet er teke under ei markering mot deportasjonar til Afghanistan 18. oktober i år. Bendiksby, Terje / NTB scanpix / privat

Si ;D-innlegg: Sjølvmordsbomber og miner skil ikkje mellom ignorante, norske politikarar og unge, afghanske gutar.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

I dag skal det stemmast over representantsforslaget til SV om å sette i verk umiddelbar stans i all assistert retur og tvangsretur av asylsøkjarar til Afghanistan.

Det har kome fram at Arbeidarpartiet ikkje vil støtte forslaget. Dette betyr at samstundes som du les dette, sit livredde ungdomar og ventar på å bli sendt ut av Noreg.

Kor sender me dei? Til krigsherja Afghanistan som både FN, Amnesty og Utanriksdepartementet reknar som utrygt.

Listhaug er bekymra for korleis gjennomføringa av eit slikt forslag vil få Noreg til å framstå som ei attraktiv «frihamn» for afghanarar. Sjølv er eg meir bekymra for korleis Noreg no vil stå fram som eit land med ressursar til å hjelpe, som likevel vel å sende 18-åringar tilbake til livsfarlege område.

Utrygt

Det handlar ikkje om at me skal ta imot alle som «søkjer lukka» i Noreg. Det handlar om at me midlertidig, fram til det er bevist at det er trygt, skal stoppe returane til Afghanistan.

Det handlar om å ikkje sende 18-åringar til eit land me ikkje veit om dei vil overleve i.

Amnesty publiserte 4. oktober i år ein rapport som slo fast at Afghanistan ikkje er trygt. I same rapport kom det fram at Kabul, hovudstaden og byen der fleire av flya frå Noreg landar, er provinsen der flest sivile døyr.

Det finst fleire historier om menneske som har vorte returnert frå Noreg til «trygge» Afghanistan, som har vorte drepne. FN meiner heller ikkje at det er trygt.

Det finst fleire historier om menneske som har vorte returnert frå Noreg til «trygge» Afghanistan, som har vorte drepne

Utanriksdepartementet som har som oppgåve å gje offisielle reiseråd for at me skal kunne reise trygt, skriv dette om Afghanistan; «Sikkerhetssituasjonen i Afghanistan er svært utfordrande.

Det skjer hyppige angrep og det går føre seg sikkerhetsoperasjoner i størstedelen av Afghanistan». Les du detaljane, er sjølvmordsbomber, drap, terror, miner og vegbomber ord som går igjen.

130 liv

Dette skal Noreg no sende 130 ungdomar tilbake til. 130 er ikkje berre eit tal. Det me snakkar om, er 130 liv. 130 livredde 17-åringar med ambisjonar, draumar og rettar.

130 redde ungdommar. 130 grunnar til å bry seg.

Listhaug sjølv vil ikkje reise til Kabul. UD rår frå på det sterkaste alle nordmenn å besøkje landet. Men 18-åringane våre, dei kjem til å få det trygt der?

Sjølvmordsbomber og miner skil ikkje mellom ignorante, norske politikarar og unge, afghanske gutar. Er det farleg for Listhaug, er det farleg for alle.

Frp, Høgre, Sp og Arbeiderpartiet meiner noko anna. Det skjer mykje fælt i verda, og ofte er det vanskeleg å dra linjer til våre liv, men denne gongen skjer det i Noreg, kanskje også i din heimkommune.

Me sender sårbar ungdom tilbake til ein kvardag prega av drap, terror, miner og kidnappingar. Det skjer her, og det skjer no.

130 redde ungdommar. 130 grunnar til å bry seg.


Under 21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


Les også:

Les også

Halvparten av asylbarn med midlertidig opphold har forsvunnet

Les også

O, store leder – glem ikke våre sosialdemokratiske verdier!

Les også

Listhaug «advarer på det sterkeste» mot stans i asylreturer til Afghanistan

Les mer om

  1. Innvandring
  2. Afghanistan
  3. Arbeiderpartiet (Ap)
  4. FN

Relevante artikler

  1. SID

    Det gjer meg trist å tenkje på alle sauane, hjortane og reinane som brutalt blir drepne av ulven

  2. DEBATT

    Solberg selv har gjort Hareide mer venstrevridd

  3. SID

    Ja, vi har alle ansvar for klimaet. En viktig del av det er å kreve politisk handling.

  4. SID

    Det vert ikkje betre om me held skattelistene hemmeleg

  5. SID

    Eg kjem frå Sogn og Fjordane, ikkje «Vestland»

  6. SID

    Hei. Eg heiter Ingeborg, og eg er livredd