SiD

Ikkje drep gleda, og ikkje drep oss – lat meg få køyre | Siren Urvik

  • Siren Urvik (17)
Korleis følte du deg når nokon køyrde opp i rumpa på deg? spør Siren Urvik (17).

Si ;D-innlegg: Korleis følte du deg når nokon køyrde opp i rumpa på deg?

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.


Tenk tilbake då du var 16-17 år gammal og sat bak rattet for første gang. Med ein «L» bak på rumpa og pulsen var høy. Du øvingskøyrde ein gang i tida du også.

Korleis følte du deg når nokon køyrde opp i rumpa på deg?

Siren Urvik (17).

Tutinga hjelp ikkje på

Vi følgjer berre trafikkreglane. Det er ikkje alltid vi klarer å hugse alt sjølv, men vi prøver å lære å køyra bil. Seier skiltet 50 kilometer i timen, så held vi 50 kilometer i timen.

Sjølv om det er ein lang strekning der det ikkje skjer så mykje.

Det hender vi kveler bilen midt i ei rundkøyring. Vi hadde kanskje ein klar veg utan bilar, men når du får start på den igjen, så kan du ikkje køyra. For då er det bilar i rundkøyringa, og då har du vikeplikt frå venstre.

Vi kan ikkje køyra på ein parkeringsplass heilt til vi skal ta lappen

Så då byrjar bilane bak å tuta på deg, og då hjelper det ikkje på når du allereie stressar fordi du kvelte bilen.

Ein gong var det deg, no er det meg!

De gjer også feil i trafikken eller er aggressive, berre for å komma framføre oss. Dette skapar farlege situasjonar i trafikken.

Det er vi som er framtida, vi skal bæra samfunnet vidare.

Då hjelper det ikkje at de prøver å køyra oss ned i trafikken. Det er øving som gjer meister. Vi er nøydt til å vera trafikken vi også.

Les også

Vil innlemme føreropplæringen i skoleundervisningen

Vi kan ikkje køyra på ein parkeringsplass heilt til vi skal ta lappen, for vi må få eit realistisk trafikkbilete. Slik at vi veit korleis ein skal handtera situasjonar.

Så ikkje drep gleda og ikkje drep oss. Ein gong var det deg, no er det meg!


Trafikken er, enten vi er myke eller harde trafikanter, noe vi befinner oss i daglig. Her har du relevant stoff å lese videre:

Les også

  1. - Sykling er perfekt trafikkopplæring for barn

  2. Fornuftige fraværsregler i skolen

  3. Skolebil tok fyr under øvelse

  4. Frykter trafikken mest


Hvordan nå målene sine?

Si ;D-psykolog Jørgen Flor gir råd! Her er noen av målene vi går gjennom og gir råd om:

– Begynne å trene mer
– Få bedre karakterer/jobbe mer med skolen
– Spare penger
– Bare spise godteri i helgene
– Legge seg tidligere

Les også

Her kan du høre alle Si ;D-podkastene!


Slik blir du podkast-abonnent:

— For iTunes: Trykk her

— Android eller annen telefon? Søk på Si ;D i din podkast-app.

— Soundcloud: Trykk her

Les mer om

  1. Trafikk
  2. Bil
  3. Ungdom