SiD

Nakenbildet du ser, har ofte ei heilt anna historie enn det jenta på bildet viser

  • Synnøve S. Hefte (20)

Du sende berre bildet til éin person, og no har heile verda sett det. Dette er eit stort mareritt for mange, skriv Synnøve S. Hefte (20). Foto: Bogdan Makukhin / Shutterstock / NTB scanpix / privat

Si ;D-innlegg: Ho tenkjer såklart ikkje på at han kjem til å sende dette vidare til nokon andre.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Du held mobilen i handa, poserer for deg sjølv naken. Du trykkjer «ta bilde», og vips, så er eit nakenbilde av deg tatt. Du vel å sende dette bildet til partnaren din eller personen du vil gjere noko meir med.

Dagen etter går du inn på nettet, og der finn du sjokkerande nok bildet du tok i går spreidd overalt. Venner og kjenningar kontaktar deg for å seie at dei har funne bildet.

Du sende berre bildet til éin person, og no har heile verda sett det.

Berre til éin gut

Denne hendinga er eit stort mareritt for mange, spesielt jenter. Du har hatt tillit til ein person og sendt noko personleg berre vedkommande skal sjå, men dette blir spreidd over heile nettet utan at du klarar å stoppe det.

Sidan eg sjølv er jente og det ofte er oss som blir ramma, vil eg setje hovudfokuset mitt på jenter som får nakenbilde av seg sjølv delt overalt utan at dei klarar å stoppe det.

Nakenbildet du ser, har ei historie bak seg, som oftast ei heilt anna historie enn det jenta på bildet viser der ho står og smiler, gjer seg deilig, viser at ho er fornøgd sånn som ho ser ut.

Guten har kanskje masa på ho for å få ho til å sende dette bildet. Kanskje han også har sendt eit bilde av seg sjølv og forventar svar?

Du lurer vel på kvifor jenta ikkje sa nei til å sende dette bildet, at ho kanskje var svak som sendte dette bildet sjølv om ho kanskje ikkje ville.

Men om det faktisk var kjærasten hennar som fekk det, har jo ho sjølvsagt tillit til han og vil ikkje tenkje at han skal sende vidare sånne bilder mens dei er saman eller om dei gjer det slutt.

  • Har du fått med deg A-magasinets reportasje om deling av nakenbilder blant ungdom?
Les også

«Alle ser på at dere har sex!»

Ein ukultur

Om det har vore ein gut som har gitt ho merksemd og kanskje vil noko meir med ho eller har gjort noko seksuelt med ho før, kan det liggje noko anna bak.

Jenta som tydeleg er interessert i denne guten, er redd for å miste han viss ho ikkje sender dette bildet, at han då mister interesse i ho. Ho tenkjer såklart ikkje på at han kjem til å sende dette vidare til nokon andre. At dette er noko dei skal ha mellom dei to og ingen andre.

Det er dumt at denne ukulturen veks, det kan gjere at du mistar tilliten til folk, og du blir fort usikker på dei du har nært.

Les også

Slik kan et bilde bli delt over en million ganger

Det er eigentleg veldig underleg at folk deler nakenbilde vidare, med tanke på at det faktisk er ulovleg. Tenk om det hadde vore dei sjølve som fekk bilde av seg spreidd rundt på nettet utan ein tråd?

Det er ikkje sikkert at det kjem til å gje seg med det fyrste heller, men eg håpar inderleg at folk til slutt forstår konsekvensane av deira eiga handling!


Under 21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


Les mer om

  1. Ungdomsliv
  2. Nakenbilder
  3. Si ;D-konkurranse om nakenbilder