Me riv kvarandre i fillebitar. Eg er 16 år og stappmett på livet. | Sofie Larsen

Eg vil ha ein draum å jobbe mot, noko å kjempe for, skriv Sofie Larsen (16).

Si ;D-innlegg: Når andre spør meg kva draumen min er no i dag, svarar eg: «Veit ikkje».

Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes inn her.

Me blei alle født svoltne, svoltne på mat. Etter kvart som me vaks til, vart me svoltne på nye draumar, svoltne på å vakse opp. Eg går no i 10. klasse.

Eg er ikkje svolten lenger, men mett.

Mett av skulen som seier at det er viktigare ting enn skule, og som deretter piskar oss fordi me ikkje løyste likningsoppgåva me hadde i matteleksa.

Mett av dei tallause foredraga av vaksne som handlar om å vere oss sjølv, når me blir sett på som kriminelle og gjengmedlem uansett kven me er.

Sofie Larsen (16)

Stappmett av presset om å ha finast hår, ansikt, kropp og augnebryn. Eg er stappmett.

Er dette rett?

Når me var små, var me alltid svoltne. Svoltne på draumen om å bli ei popstjerne eller ein brannmann, svoltne på nye leikar. Etter kvart blei me eldre. Då vart me svoltne på å vakse opp.

På sosiale medium og i samfunnet får ungdommar, spesielt jenter, oppleva det forferdelege kroppspresset

Me ville bli gamle nok til å vere lenger oppe, gamle nok til å sykle åleine på vegen og gamle nok til å sjå filmar med høgare aldersgrense.

Når andre spør meg kva draumen min er no i dag, svarar eg: «Veit ikkje».

Eg har ingen draumar lenger fordi eg ikkje lenger er svolten. Eg jaktar ikkje lenger. Eg har sagt meg fornøgd. Eg er mett. Er dette rett?

Skal eg, i ein alder av 16, vere mett på draumar, mett på livet?

Ikkje nok timar i døgnet

Skulen er det mest mettande av dei alle. Det blir forventa at me skal gå på skulen i minst 13 år, der 10 av desse er obligatoriske.

Etter dette skal me jobbe til me er 67 år. Alle rundt meg seier at eg ikkje må stressa med skulen. Dei seier at eg ikkje må slita meg ut, at det er andre ting som er viktigare.

Eg vil ha ein draum å jobbe mot, noko å kjempa for

Ja, det er kanskje dette som er sant, men det er langt ifrå det dei eigentleg meiner.

Det blir forventa at me skal gå på skulen, få gode karakterar, gjera leksene våre, gå på fritidsaktivitetar, vere med venner, hjelpa til i huset, me ska sjå bra ut i tillegg til å vere snille og smila tjuefire-sju.

Ikkje gløym at me også skal ha ni timars søvn kvar natt.

Eg har rekna, og det er rett og slett ikkje nok timar i døgnet til alt dette.

Tenk deg at du har ete deg så stappmett at det gjer vondt i magen i fleire timar etterpå. Det er sånn dette presset kjennast ut som. Du går med vondt i magen.

Forskjellen er at du ikkje er stappmett i timar, men stappmett i dagar, månadar, år.

Me øydelegg kvarandre

På sosiale medium og i samfunnet får ungdommar, spesielt jenter, oppleva det forferdelege kroppspresset. Du skal ha rette klede, passe med sminke og perfekt kropp. Gutane skal ha musklar, voks i håret og fine klede.

Dei fòrar oss som om me er kyr som skal til slakting

Det finst kurar, maskinar og produkt for å hjelpa deg til å oppnå dette. Dette blir eg spesielt stappmett av.

Kvifor kan ikkje alle berre godta kvarandre for sånn som me er og slik som me ser ut? Me øydelegg kvarandre, riv kvarandre i fillebitar. Eg er mett, stappmett.

Eg har ikkje lyst å vere stappmett. Eg vil vere svolten. Eg vil ha ein draum å jobbe mot, noko å kjempa for.

Eg vil ha ambisjonar og mål for framtida mi, ikkje vere lei av ho før ho har begynt.

Verda ligg framfor føtene mine, men eg er for mett og for lat til å oppleve ho. Kva slags samfunn er det me lev i? Dei fòrar oss som om me er kyr som skal til slakting.

Me blir stappmette før me har fått sjansen til å vere svolten. Dét – det gjer meg stappmett.


Lese videre? Vi anbefaler:


«Jeg må være perfekt» – hvordan bli kvitt tankegangen

Er du en av dem som tenker at du ikke kan slappe av før du er perfekt? Det er du ikke alene om.

Psykolog Aksel Inge Sinding gir deg råd til hvordan du kan kvitte deg med denne tankegangen.

Episoden er første episode i miniserien vår om negative leveregler vi pålegger oss selv.

  • Hør gratis med ett klikk her:

Slik blir du podkast-abonnent:

— For iTunes: Trykk her

— Android eller annen telefon? Søk på Si ;D i din podkast-app.

— Soundcloud: Trykk her