SiD

1. mai er viktigare enn nokon gong | Vegar Klyve

  • Vegar Klyve (17), skole- og arbeidsansvarlig i AUF i Vestland.
    Vegar Klyve (17), skole- og arbeidsansvarlig i AUF i Vestland.

I fjor gikk rekordmange i tog for å markere 1. mai, men en slik feiring lar seg ikke gjøre i år. Vegar Klyve (17) i AUF mener at koronakrissen viser oss viktigheten av 1. mai. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Gløym likevel aldri kva 1. mai har tydd for samfunnet vårt, og dei som no står på barrikadane mot koronaviruset.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Kvar dag risikerer tusenvis av menneske livet sitt for at me skal kunne handle i butikken eller gå ut med søpla. Koronaviruset gjer det tydeleg kor avhengige me er av helsearbeidarane våre, reinhaldarane våre og butikkarbeidarane våre. Folk har samla seg på balkongane sine for å applaudere innsatsen til dei som må jobbe under krisa.

Ein vekkjar

Meir merksemd rundt desse yrkene er vel og bra, men koronakrisa har også vist oss kor viktig det er med tryggleik på arbeidsplassen og ei løn å leve av. Koronakrisa må vere den siste krisa me går gjennom der dei essensielle arbeidarane vert tatt for gitt.

20 bussjåførar har døydd i London av koronaviruset. Det er ei slåande påminning om kva menneska som står fremst i kampen mot viruset må ofre. Pandemiar rammer sjeldan tilfeldig. Det er ikkje tilfeldig kven som slit med å få endane til å møtast etter å ha vorte permittert, og det er heller ikkje tilfeldig kven som ikkje kan vere heime.

Koronaviruset har vore ein vekkjar. Krisa har vist oss den brutale urettferda i verda.

Vegar Klyve (17), skule- og arbeidsansvarleg i AUF i Vestland. Foto: Privat

Liding og urett

Me som er fødd i Noreg har vunne livets lotteri. Me er nokon av dei heldigaste i verda, og derfor skuldar me resten av verda å kjempe for at alle skal få dei same rettane og moglegheitene som oss. 1. mai handlar derfor om å sjå all lidinga og uretten som milliardar av menneske opplev kvar einaste dag.

1. mai er også viktig for alle dei som opplev urett på andre arenaer. 1. mai er viktig for dei bussjåførane i London som vert utsett for fare på arbeidsplassen, eller for dei svenske sjukepleiarane som vart spurde av arbeidsgjevar om å redusere smitteverntiltaka på jobb.

Det er desse menneska 1. mai er til for, og det er desse menneska me går i tog for kvart år.

Kampen er ikkje vunne

1. mai har vore viktig for Noreg. Ein treng ikkje lenger enn til USA for å sjå det. Dei har svake fagforeiningar og arbeidstakarane er heilt avhengige av arbeidsgjevaren sin for å få ei akseptabel løn og tryggleik på arbeidsplassen. Resultatet er at essensielle arbeidarar vert betalt langt ifrå den løna dei fortener.

I selskapet Amazons varehus har ikkje arbeidarane tid til å gå på toalettet og jobbar under umenneskelege forhold. Utan ei sterk arbeidarrørsle vil desse arbeidarane aldri få dei rettane som dei fortener.

Om du har lyst til å bruke 1. mai i hagen, skal du få lov til det. Gløym likevel aldri kva 1. mai har betytt for samfunnet vårt, og dei som no står på barrikadane mot koronaviruset. 1. mai er til for at alle skal få leve eit liv i tryggleik og fridom.

Den kampen er ikkje vunne, og derfor er 1. mai enno viktig.


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.



Les mer om

  1. Koronaviruset
  2. 1. mai
  3. Arbeiderpartiet (Ap)
  4. AUF

Relevante artikler

  1. SID
    Publisert:

    Høyres nylige utspill om miljøpolitikk er kunnskapsløse, toskete og farlige

  2. KRONIKK
    Publisert:

    Kva har ein ulovleg dyremarknad i ein ukjend kinesisk storby med oss å gjere? Alt.

  3. SID
    Publisert:

    Ungdom fra 16 land forteller: – Alt vi hører, er lyden av ambulansesirener

  4. KOMMENTAR
    Publisert:

    Vi har lett for å tro at vi er bedre enn andre

  5. DEBATT
    Publisert:

    Kort sagt, tirsdag 28. juli

  6. KOMMENTAR
    Publisert:

    Me toler så inderleg vel det fråvær av fest som ikkje råkar oss sjølv