OD er av, med og for ungdom. Akkurat som dei andre 54 åra | Sunniva M. Roligheten

Å jobbe på OD-dagen er å jobbe i solidaritet. Det er å jobbe for ei litt meir rettferdig verd, skriv debattanten.

Si ;D-innlegg: Det handlar om at du ynskjer å gjere ein forskjell for ungdom som deg og meg.

Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes inn her.

Det er no éin månad til OD-dagen. Samtidig som spenninga og gleda bygger seg opp i kroppen til tusenvis av ungdom som skal jobbe, er det også retta noko misnøye mot Operasjon Dagsverk.

Det meiner eg er både ufortent og ubegrunna. Det er gjerne eit resultat av at ein ikkje kan nok om prosjektet.

Sunniva M. Roligheten (18).

Ein tryggare kvardag

Maia Paulsen hevdar i sin artikkel i Si ;D at ein ved å gje palestinsk ungdom ei tryggare framtid, vil gjere framtida til israelsk ungdom meir usikker.

Dette er ikkje riktig, ettersom OD-prosjektet vil jobbe med traumebehandling, korleis løyse konfliktar utan vald og gje ungdom verktøy til å kome tilbake på skule eller yrkesopplæring.

Dette vil gjere ungdom mindre mottakeleg for å bli verva til terrorgrupper eller ty til valdelege alternativ for å kunne påverke.

OD 2018 vil difor gjere kvardagen og framtida til både palestinske og israelske ungdom tryggare.

Røynda er nemleg at det er ein veldig komplisert konflikt. Såpass komplisert at ein ikkje har to sider. Og ikkje eingong tre. Men mest sannsynleg fleire hundre.

Og ved å jobbe på OD-dagen, støyter du ikkje frå deg nokre sider – tvert imot. Du anerkjenner at det er fleire sider og at ungdom betalar den urettferdige prisen for ein konflikt dei ikkje var med på å skape.

Og meir enn det; du gjer ei aktiv handling for ei meir rettferdig verd.

Dei 500 elevane som valde OD-prosjektet i mars, gjorde ikkje eit overtramp mot norske elevar. Dei gjorde det motsette.

Dei løfta fram meiningane til fleire tusen elevar og gjorde eit skikkeleg kult og modig val. Meininger det ikkje er mange som elles vil lytte til.

Å vere vitne til at eit halvt tusen unge hadde meiningsberande diskusjonar om bistand, er ikkje noko du finn nokon annan stad i verda. Det er noko av det unike med både Operasjon Dagsverk og Elevorganisasjonen.

Heilt frivillig

Det er heilt frivillig å jobbe på OD-dagen, og i forkant vil elevane på OD-skular over heile landet få informasjon både om Operasjon Dagsverk og den vanskelege konflikta.

Eg trur ikkje ungdom er dumme. Eg trur ungdom er nokre av dei mest kunnskapsrike, kritiske og mest lærevillige menneska du kan finne.

Og med informasjonen dei skaffar seg, på skulen og i media, trur eg dei er fullstendig klare til å ta eit val om dei vil jobbe på OD-dagen eller ikkje.

For det handlar ikkje om krig, splitting, kven du er imot eller kven du støttar. Det handlar om at verken israelsk ungdom eller palestinsk ungdom skapte konflikta som er no.

Det handler om at dette er ufatteleg urettferdig for begge partar. Og det handler om at du ynskjer å gjere ein forskjell for ungdom som deg og meg.

Å jobbe på OD-dagen er ikkje å ta stilling i konflikta eller å vere for eller imot nokon. Det er å jobbe i solidaritet. Det er å jobbe for ei litt meir rettferdig verd.

Og det er å jobbe for ungdom – slik Operasjon Dagsverk har gjort kvart einaste år sidan 1964.

Kort sagt: Eg gler meg utruleg mykje!


Les mer om debatten rundt årets OD-aksjon her:

13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.