SiD

Oslo-makta, her er ei helsing frå det fjerne land. Ikkje gjer oss meir fjerne. | Emma Berge Ness

  • Emma Berge Ness (18), leiar av Sogn og Fjordane Senterungdom

I ei tid der sentralisering og robuste einingar er svaret, uavhengig av kva som er spørsmålet, er heile distrikts-Noreg under press, skriv Emma Berge Ness (18). Kallestad, Gorm / Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Si ;D-innlegg: Eg skulle ønskje at både byrådar, byråkratar og byfolk generelt kunne ha litt betre forståing for vår frustrasjon.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Eg skulle ønskje at både byrådar, byråkratar og byfolk generelt kunne ha litt betre forståing for vår frustrasjon.

Den siste veka har fordeling av statlege arbeidsplassar vore den store saka. Då høgrepartia vedtok å greie ut utflytting av 1200 statlege arbeidsplassar frå hovudstaden, kom kritikken raskt.

Dersom dei 1200 arbeidarane må flytte eller finne seg noko anna å gjere, forstår eg at det kjennast urettferdig.

Tenk om det var Oslo

Arbeid er ein viktig faktor når ein skal velje kvar ein vil bu. Men mest grunnleggjande er vel kanskje å kjenne seg trygg – og tenk om det var politiet i Oslo som blei vedtatt fjerna!

Nesten like viktig er nære tenester – tenk om det var fødeavdelinga, skulen eller alarmsentralen som skulle flyttast frå Oslo til Hamar, Drammen eller Bærum.

Kven i alle dagar ville vel halde fram å bu i Oslo då?

Når eg skisserer opp denne teikninga, er det med mitt verkelegheitsbilete i bakhovudet. Mine auge ser nemleg verda frå ei bygd som er lita, sjølv i Sogn og Fjordane-målestokk.

Verkelegheita er en heilt annan for dei som styrer frå Oslo

Det fjerne landet som, ifølgje Oslo-byråd Robert Steen, ikkje er kompetent nok til å ta i mot statlege arbeidsplassar.

Jo visst er vi kompetente, tenkjer eg, men mi forståing av verkelegheita er tydelegvis ei heilt annan enn den dei som sit og styrer over kvardagen min frå Oslo, har.

Frå regjeringskontora er det visst fornuftig med ei demokratireform som i mine auge fører til færre folkevalde per snute, og dessutan plasserer dei få lenger vekke frå folk. På toppen av det heile skal folkeviljen i spørsmål rundt kommunesamanslåing bli overkøyrd med tvang.

  • Raseriet i distriktene: – Vi kan jo flytte til Oslo hele gjengen, så kan i hvert fall boligspekulantene gni seg i hendene.

Slik eg ser det, vert dette demokrati baklengs.

Byfolk kunne forstått betre

Eg forstår som sagt at arbeidarane som misser arbeidet sitt eller må flytte, er frustrerte. På same måte skulle eg ønskje at både byrådar, byråkratar og byfolk generelt kunne ha litt betre forståing for vår frustrasjon.

I ei tid der sentralisering og robuste einingar er svaret, uavhengig av kva som er spørsmålet, er heile distrikts-Noreg under press. Det er synd.

Det er nemleg ikkje berre kompetanse som er plassert i distrikts-Noreg, det er også viktige naturresursar, folk, heimar og samfunn.

Eg håpar at eg, om 20 år, framleis har mogelegheita til å velje

Uansett om det er kjøpesenter eller fjelltoppar ein ønskjer å ha utanfor husdøra si, så skal det vere mogeleg å velje mellom dei. Og uavhengig av kva ein vel, skal ein kunne ha eit trygt og godt liv med både arbeid, skule og politi innanfor rimeleg avstand.

Eg håpar at eg, om 20 år, framleis har mogelegheita til å velje.


Kommunesamanslåingane engasjerer. Les meir:

Les også

Alfred Bjørlo engasjerte mange denne uken: Kjære Robert Steen. Velkomen til den verkelege verda. Velkomen til Sogn og Fjordane.

Les også

Oslo-kommentator Andreas Slettholm: «Den verkelege verda» finnes også innenfor Ring 3

Les også

Aftenposten mener: God start på kommunereformen

Les også

Henriette O. Simensen: Jeg blir oppgitt over hvor lite man inkluderer unge i kommunesammenslåing

Les også

Nordmenn mangler tro på effekten av kommunesammenslåing


Podkast: Hvorfor må vi høre til en gruppe?

Hvorfor er vi mennesker så opptatt av å tilhøre grupper, som for eksempel gruppen nordmenn? Det skal psykolog Jørgen Flor forklare for oss.

Og tidligere i høst inviterte vi ungdom til skrivekonkurranse: Hva vil det si å være norsk? To av vinnerne kommer for å diskutere.

  • Hør med ett klikk her:
Les også

Her kan du høre alle Si ;D-podkastene!


Slik blir du podkast-abonnent:

— For iTunes: Trykk her

— Android eller annen telefon? Søk på Si ;D i din podkast-app.

— Soundcloud: Trykk her

Les mer om

  1. Distriktsopprøret?
  2. Robert Steen
  3. Sentralisering
  4. Demokrati
  5. Oslo
  6. Sogn og Fjordane
  7. Debatt

Distriktsopprøret?

  1. POLITIKK

    Opprøret mot globalisering brukes til å forklare Trump-valget og Brexit. Men vil det påvirke norske velgere?

  2. POLITIKK

    Hver tredje nordmann mener innvandring truer norsk kultur

  3. POLITIKK

    Skal flere hundre statlige arbeidsplasser flyttes fra Oslo til distriktene? Denne opptellingen viser at det foreløpig dreier seg om 96.

  4. DEBATT

    Det er brutalt å kreve raushet av folk som mister jobben etter et stortingsvedtak

  5. DEBATT

    Nordmenn ønsker selv å sentralisere makten til Oslo.