Akkurat som kvart einskilt menneske er forskjellig, er også livet til kvart einskilt menneske forskjellig. Dette betyr også at døden for kvart einskilt menneske er forskjellig. Ingen er like; vi lever forskjellig og vi dør forskjellig. Sånn er det berre, og godt er det. Eg har difor ingen rett, ei heller lyst, til å kritisere korleis mine medmenneske taklar døden til sine nære og kjære. Det er eitt hundre prosent opp til den enkelte.
#Kvilifred
Om nokon har eit behov for å fylle Facebook-feeden med minneord om menneska dei mista i året som gjekk, så må dei få lov til det. Det er sikkert fint å bla gjennom eit gammalt album, mimre over dei gode minna og plukke ut det koselegaste biletet det er å oppdrive av den døde og skrive nokre fine ord:
«Kjære bestefar. Eg veit du har det fint i himmelen med bestemor no. Takk for alle dei fine stundene eg fekk ha med deg her på jorda. Du var utan tvil verdas beste bestefar. Eg kjem aldri til å gløyme deg. #Kvilifred.»
Døden er poetisk
For mange er det både vakkert, poetisk og praktisk. Vakkert fordi det er fint å skrive fine ting om dei ein er glad i. Poetisk berre fordi døden har noko poetisk over seg, og praktisk fordi det er ein enkel måte å opplyse vener og familie på utan at det tar for mykje krefter eller tid i ein tung sørgjeperiode.
Eg vil ikkje ha gullkorn på Twitter-feeden
Men, dette er ikkje noko eg ynskjer for meg sjølv. Eg vil ikkje at vennane mine skal opprette «#KviliFred, Ida-Louise-side» som folk kan «like». Eg vil ikkje at Instagram skal fyllast med gamle bilete av det skeive gliset mitt, og eg vil ikkje at gullkorn eg har kome med opp igjennom åra skal prege Twitter-feeden.
Døden min skal verken sanke likes, retweets eller favorites.
Gje dei fine orda til mine nærmaste
Forhåpentleg har eg veldig, veldig mange tiår igjen å leve, men ein eller annan gang kjem eg til å døy, og den dagen skal du ikkje skrive fine ord til eller om meg på sosiale medium. Dei fine orda kan du heller gje til mine næraste, for frå og med den dagen skal eg vere offline.
Les også:
Ida-louise Eikås (20)