SiD

Dauden til lammet blei verken vakker eller rask. Feilen er din og min | Kirsti Karina Dahl Sæternes

  • Kirsti Karina Dahl Sæternes (17)
    Kirsti Karina Dahl Sæternes (17)

Sauen hadde sete seg fast i pakkeband. Den var meir enn daud, skriv Kirsti Karina Dahl Sæternes (17). Foto: Privat

I sumar jobba eg som strandryddar. Lite gjorde meg so skaka opp som dette funnet.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

Lat meg fortelje deg om eit av Daudens andlet. Du veit godt om det, men ein kvir seg gjerne frå å dvele for mykje over det.

For denne gongen er ikkje Dauden med svart kappe slemmingen, og me mennesker er ikkje offeret med uskuld. Denne gongen er det me som ber kappa.

Meiningslaus daud

I sumar jobba eg langs kysten og på øyer som strandryddar. I fire veker stod eg med baken i veret og plukka rusk og rask etter privatpersonar og næring. Mengdene søppel er oppskakande.

Kirsti Karina Dahl Sæternes (17) Foto: Privat

Lite gjorde meg so skaka opp som eit av funna. Som oppfostra på gard veit eg godt at daud og liv går hand i hand. Dei kan ikkje eksistere utan kvarandre. Men dauden i dette tilfellet er so komplett meiningslaus.

Sauen hadde sete seg fast i pakkeband. Det er ikkje eit altfor uvanleg funn som strandryddar, at dyr har sete seg fast, men dyra er då stort sett i live og me kan få dei laus utan at dei blir skadde.

Dette dyret hadde vore der lenge. Det var meir enn daudt.

Søppel drep

Lat meg fortelje deg litt om dyret: etter storleiken å døme var det eit lam. Ingen horn – altså søye. ID-merka var borte, teke med vind eller rovdyr.

Dauden til dette lammet blei nok verken vakker eller rask. Kanskje svelt ho ihel. Meir sannsynleg tiltrakk ho seg rovfugl der ho sto fast.

Denne gongen er ikkje Dauden med svart kappe slemmingen, og me menneskjer er ikkje offeret med uskuld. Denne gongen er det me som ber kappa. Foto: Privat

Eg er ikkje fjern frå å handtere dauden reint fysisk. Likevel gjekk det hardt innpå meg å måtte rive og slite laus pakkebåndet frå jord, kvist og sau.

Bonden blei sjølvsagt varsla. Og nei, det er ikkje bonden si skuld. Eg veit fleire som vil argumentere med at dyra har fått for dårleg tilsyn. Men sjølv om forskriftene er blitt følgde og bonden gjer det som krevst, er søppel likevel farleg.

Feilen er din og min. Slutt. Å. Kast. Søppel. I. Naturen.


Les også

Selv om regjeringen stadig skuffer i klimakampen, kan kommuner gå foran. Stem riktig!

Les også

Som veganer er jeg vant til å diskutere. Ett spørsmål har vært min kryptonitt

Les også

Amazonas brenner, men regjeringen er mest opptatt av å redde bilen


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.

Les mer om

  1. Forsøpling
  2. Miljøvern
  3. Landbruk

Relevante artikler

  1. SID

    I desember er vi omtenksomme. Så kommer det nye året, og vi blir selvsentrerte igjen

  2. SID

    Flyktningane fortener ein trygg stad å vere

  3. SPORT

    Birger fyller 76 år i år. Førre helg var han med i VM i motbakkeløp.

  4. A-MAGASINET

    John Erik forsvant fra moren for 32 år siden. Her møtes de igjen.

  5. BOLIG

    Sirdals siste langhus: Sauefjøset er blitt stue, kufjøset er tekjøkken

  6. NORGE

    Har funnet en rekke grove lovbrudd på KNM Helge Ingstad